17 nye smittetilfelle i Ålesund onsdag

0

Ålesund har i løpet av onsdag 28. april fått meldt til saman 17 nye smittetilfelle. Dette er det høgste talet på smitta under pandemien så langt.

  • 12 smittetilfelle er relatert til utbrotet ved Toldboden/Anno. Alle tilfella er definerte nærkontaktar. To av dei er elevar på 6. trinn ved Lerstad skole. Dei har vore i karantene relatert til påvist smitte ved skolen.
  • 2 tilfelle er relatert til eit utbrot på Haramsøya som har ramma ein storfamilie. Totalt ni personar er smitta. Det er så langt ikkje påvist smitte ved Haramsøy skule. Elevar og lærarar er ferdig med karantene denne veka.
  • 1 tilfelle er truleg relatert til eit utbrot vi har meldt om tidlegare og som har forgreiningar til Stranda kommune.
  • 1 smittetilfelle har relasjon til anna kjent smittetilfelle.
  • 1 person som arbeider ved  Vard Brattvaag har fått påvist smitte med koronavirus. Smittekjelda er så langt ukjend.
Annonse

Smittesituasjon ved Vard Brattvaag

Ein leverandør som har vore på jobboppdrag ved Vard Brattvaag fekk i går ettermiddag påvist koronasmitte. Verftet iverksatte umiddelbart intern testing, og seks arbeidarar testa i går kveld positivt på hurtigtestar.

Ledelsen har på eget initiativ, men i samråd med lokale smittevernmyndigheiter og FHI, beslutta å midlertidig stenge verftet for å gjer systematisk testing og hindre smittespreiing.

Arbeidarane vil fortløpande komme tilbake på jobb etter kvart som testresultata er klare.

Berørte skolar

I samband med smittesporing onsdag er 1. klasse og SFO ved Ellingsøy skole sett i karantene, og hustandsmedlemmer i ventekarantene.

Karantene ved Spjelkavik barneskole og Skarbøvik ungdomsskole er oppheva.

Ha få nærkontaktar og redusert aktivitet

Det er no påvist smitte hos til saman minst 53 personar i Ålesund og  fleire andre kommunar relatert til utbrotet ved Anno/Toldboden. Det er forventa fleire smittetilfelle hos nærkontaktar framover.

– Smittesporinga viser at dette viruset smittar svært lett. Vi bed alle halde seg til få nærkontaktar og redusere aktivitet. Alle bør oppføre seg som om den dei møter eller ein sjølv kan vere smitta. Hald 2 meter avstand, og bruk munnbind. Hald deg heime om du kjenner deg sjuk og ta ein test, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Status teststasjonen

– Tal testa så lang denne veka er over to tusen. Vi har utvida opningstidene og testar både dag og kveld frå måndag til fredag. Både laurdag og søndag er det ope på dagtid, seier Rigmor Winther, driftsansvarleg for teststasjonen i Ålesund.

Annonse
DEL