No kan alle barn på 3. trinnet i Ålesund kommune bade eller svømme gratis, så mykje dei vil, til og med 15. august 2023. Sidan barn i 3. klasse er under 10 år må dei ha med seg ein vaksen over 18 år som har ansvar for barna. Dei som er med betalar vanleg pris. Ein vaksen kan ha med opptil 3 barn.

Annonse
2 Gardane sesong 3 – torsdager

Moa svømmehall har også namnelister for alle elevar på 3. trinn i kommunen. Slik har dei oversyn over kven som kan få bade eller svømme gratis.

Skal auka svømmeevnen

Dei fleste barneskolane i kommunen startar med svømmeundervisning i 3. klasse. Prosjektet med gratis svømming er dratt i gang av kommunalområdet oppvekst og svømmehallen sjølv.

– Vi ønskjer å prøve ut denne ordninga for at barna skal bli trygge i vatn og lære å svømme, og for å gi føresette betre høve til sjølv å lære barna å svømme. Viss elevane og dei føresette bruker ordninga, vil ho vere eit viktig tillegg til undervisninga til skolane, fortel fagleiar for Moa svømmehall, Endre Helgå, i ei pressemeling.

Ved sesongslutt vil kommunen evaluere om dette er ei ordning som skal halde fram i framtida.

– Vi håpar dette er eit tilbod som blir godt teke imot og mykje brukt, legg Anders Lindbeck i oppvekst til.

Annonse
Indre Bane ny februar 2022

www.xxnxx.porn hp jav sex nhat sexy redhead swallows and sucks a cock.