Ålesund kommune er godt i gong med innføring av Helseplattformen. Kommunen vil ta i bruk Helseplattformen samtidig med Helse Møre og Romsdal frå 30. april 2023. 

Annonse
Gardane sesong 3 torsdager

Budsjettvedtak i kommunestyremøtet 1. desember stadfestar at innføringsprosjektet fortset. Innføringsprosjektet i Ålesund kommune er både overgang til ein felles pasientjournal og ein utvikling av organisasjonen, skriv kommuen i ei pressemeldingmelding.

«E vi klar»

Torsdag 1. desember gjennomførte kommunen og Helse Møre og Romsdal eit felles møte med Helseplattformen:  «E vi klar».  Dette er statusmøter som skal gjennomførast tre gonger til før partane tek i bruk Helseplattforma.

– Gjennom møteplassen «E vi klar» sikrar ein at nødvendige aktivitetar er gjennomført til riktig tid, og at overgangen mellom dagens journalsystem og Helseplattforma vil fungere, seier lokal innføringsleiar i Ålesund  kommune, Ann Kristin Røyset.

-Slik arbeidar vi med Helseplattformen

I Ålesund kommune har «Vi e med» sine informasjonspakker blitt rulla ut i dei verksemdene som skal bruke Helseplattformen. Det er mange som arbeider med ulike områder i prosjektet for innføring i Ålesund, og dei fleste gjer dette i tillegg til sin ordinære jobb.  I tillegg til planlegging av opplæringsaktivitetar har ein mellom anna og kontroll av IT-utstyr for å sikre at dei kan brukast i løysinga.

– Alle som skal arbeide i og med Helseplattformen skal på kurs.  Allereie frå neste veke kan leiarar melde sine tilsette på kurs i dei ulike fagområda.  Kursa blir halde på Ratvikåsen skole og Eidet omsorgssenter frå 30.01.23 – 31.03.23.

I tillegg til fysiske kurs skal det gjennomførast eigentrening. Frå neste veke blir det vekentlege møter på Teams med verksemdsleiarane. Det blir  arbeidd godt i Ålesund kommune med Helseplattformen, seier Ann Kristin Røyset.

Viktig for deg som innbyggar

  • Helseplattformen vil bli eit felles journalsystem for alle helsetenestene du nyttar deg av, og vil følgje deg heile livet.
  • Allereie no kan du som innbyggarar gjere seg kjent med «HelsaMi».
  • Denne innbyggarportalen for Helseplattformen er tilgjengeleg både som nettside og som app.
  • Etter innføringa vil innbyggarar i Ålesund kommune gjennom «HelsaMi» ha tilgang til eigne helseopplysningar frå kommune og sjukehus.
  • Du kan lese meir om Helseplattformen på nettsida: Forside – Helseplattformen
Annonse
Indre Bane ny februar 2022

www.xxnxx.porn hp jav sex nhat sexy redhead swallows and sucks a cock.