Fellesnemnda for nye Ålesund vedtok einstemmig å tilsette Astrid J. Eidsvik som rådmann i nye Ålesund kommune.

Annonse
1914 1070×150

Tilsettinga er i tråd med tilsettingsutvalet si innstilling.
Astrid J. Eidsvik (59) er i dag rådmann i Ålesund kommune, ei stilling ho blei tilsett i av Ålesund bystyre i februar 2015. Eidsvik var før helsedirektør i Møre og Romsdal.

Rådmannen i nye Ålesund skal også vere prosjektleiar for etableringa av den nye kommunen og vil ha ei sentral rolle i å bygge og utvikle den i samarbeid med dei sittande rådmennene og dei fem deltakande kommunane for øvrig. Nye Ålesund består av Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Det er ikkje bestemt når Eidsvik vil tiltre den nye stillinga. Det er faktorar som vil bli avklarte i løpet av nokre veker. Innan Eidsvik startar som prosjektleiar i nye Ålesund vil Ålesund kommune bestemme korleis kommunen skal fylle rådmannsfunksjonen fram til samanslåinga 1. januar 2020.

Annonse
Indre Bane 1070×240