Når kornet var male, mjølet og veden komne i hus , var det tid for å ta ein bakardag i kjelleren.

Annonse
Se TV direkte

Det var flatbrødet som skulle steikast. Ein bondegard utan store tirar med flatbrød var ikkje for rett å rekne. Brødet vart stabla i tynner eller opptira på ei hylle i buda.

Denne bakardagen var ein dugnadsdag, der husmor og husfar «kalla» inn til dette så viktige haustarbeidet. Og på førehand hadde far rigga til bakstebordet langs sørvestveggen i kjellaren. Steikeplata var plassert på gruveomnen, og tørrveden klar ved sida. Så kunne bakstekonene kome.

Dugnad av flittige kvinner

Våre hjelparar var Gulik-Anna, Oskar-Olina, Sørn-Gudrun og Sørn-Jenny og sjølvsagt tante Ragna frå Myrvollen. Frå vår gard møtte bestemor, Iver-Ingeborg, og oftast tante Petra. Dei hadde kvar med sitt eige kjevle. Frammøtet var etter at dei hadde stelt frå seg i fjøsen og fått skuleborna av garde.

Øvst ved bordenden sat mor og laga emne, som i tur og orden vart sendt rundt til bakarane som sat med lette plagg på hovudet for å verne seg mot å få altfor mykje mjøl i håret. Praten gjekk livleg om ver og vind og hendingar på gardane og i bygda. Det dura under kjevla, og flate leivar vart sende over til far sjølv ved grua.

Han sat i skjorteermane like ved den varme hella. Han svinga spaden til og frå og tira ferdige leivar på bordet. Gong om anna måtte han bak den store jarndøra og smette ved i omnen. Sveittedropane stod rundt hårgarden og nasen på far.

Når vi ungane kom inn og kjende den gode lukta, måtte vi få smake brød av sundbrotne leivar. Det smaka så godt og brødet var så sprøtt og brunt. Det gav tankar om duvande korn ute på åkerflatene. Det var liksom hausten si rike velsigning hadde kome oss i munnen.

Kaffipause

Så var det kaffipause. Til den høyrde vaflar- og til slutt eit kaffisukker å bite i. Eg stal meg til å sjå korleis kvar einskild løfte koppen til munnen, korleis dei beit i vafla og korleis dei saug på sukkeret. Kvar hadde sin karakteristiske sugestil. Dei var kjende og kjære desse bakstekonene, og ikkje minst når dei gjorde dugnad for oss.

Eg var interessert i å sjå korleis brødtirane var plasserte i buda. Og eg veit vi tenkte på om mus eller rotte kunne kome seg inn og ete på det brødet vi skulle ha attåt middagsmaten utover i året.

Det hadde hendt ein gong at musa hadde kome inn og ete seg mest heilt gjennom ein brødleivstir. Slikt var lite lysteleg å tenkje på. Hadde endå musa ete den delen vi skulle ha som soppe …

Brød og skjør kunne stundom vere mat når vi var i torvmyrane. Det var godt som tvangsarbeid å få ned soppa.

Men bakardagane kvar haust var same feststundene saman med grannekonene. Vi gledde oss til å oppleve den stemninga.

av: Magne Grimstad sr.
Annonse
Indre Bane ny februar 2022