Det kjem framleis mange ukrainarar til kommunen, og behovet for mellom anna bustad ser ut til å vere aukande framover. Dei mest aktuelle bustadane har mellom 1 til 4 soverom og stove, kjøkken og bad.
– Alt må vere i grei stand. Bustaden treng ikkje vere møblert. Vi er interesserte i bustader frå heile kommunen. Utleigeprisen må ikkje overstige marknadsprisen. Leilegheiter i høg prisklasse er ikkje interessante for oss. Kommunen gir ein tre månaders husleigegaranti til utleiger.
Det er verksemd for integrering som administrerer ordninga med private bustader som kan leigast ut til ukrainarar.
– Det blir gjort ved at vi tek kontakt med huseigarar som legg inn aktuelle bustader i skjemaet. Før vi inngår leigekontrakt gjennomfører vi ei synfaring saman med brannvesenet og personell frå Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) for å kontrollere at bustaden er i god stand og er godkjent for utleige, fortel leiar Bernt Are Wiig.
Dei mest aktuelle bustadane har mellom 1 til 4 soverom og stove, kjøkken og bad.
Ålesund kommune tek kontakt med aktuelle bustadeigarar fortløpande når det er behov for bustader.