Eit av verdas største oppdrettsanlegg får Hyperthermics-teknologi

0
CEO Roger Hofseth i Hofseth-gruppen ønsker å benytte Hyperthermics unike bioteknologi for å oppnå en miljøriktig og lønnsom behandling av slammet fra “World Heritage Salmon”. (Foto: Tony Hall)

Erlend Haugsbø, CEO i Hyperthermics AS, seier i ei pressemelding at prosjekter vil bidra til ei betydeleg verdiskapning for regionen, og ei unik muligheit for ytterlegare innovasjon og vekst.

Annonse

Oppdrettsanlegget, som vil bli eit av dei meste miljøvenlege i verda, skal omdanne slam til salgbar protein og energi. Ditte skal drivast av bioteknologien som Ulsteinvik baserte Hyperthermics har utvikla. Målet er at anlegget skal omdanne 120000 tonn slam til energi og salgbare protein inne på sjølve oppdrettsanlegget. Urbakteriane skal benyttast til masseproduksjon av organismar som skal gi meir protein til slammet. Då kan det genererast miljøvennleg bio-hydrogen og grøn biogass som gir energi tilbake til anlegget. Det resulterar i lavare produksjonskost for World Heritage Salmon, og eit grønare anlegg.

Oppdrettsanlegg med lukka merder er eit viktig satningsområde for selskapet, og næringa gjer ein stor innsats for å bli grønare og samtidig skape eit konkurransefortrinn. Haugsbø seier han ser eit stort potensial, og at det er gledelig at dei er invitert med av Hofseth-gruppa.

World Heritage Salmon skal byggjast i ei nedlagt olivingruve på Sunnmøre, rett ved Geirangerfjorden. Konsernsjef i Hofseth-gruppa, Roger Hofseth seier dei skal byggje det reinaste oppdrettsanlegget verda har sett, og er glad for å ha fått med det lokale selskapet Hyperthermics på laget.

Annonse
DEL