Det har frå ulike kanalar kome informasjon om at det kan vere svært farlege rusmiddel i omløp i Ålesundsområdet. Dei narkotiske stoffa er fentanyl og nitazen. Dette er syntetiske morfinstoff som er mange gangar sterkare enn morfin/heroin, og som ved bruk i svært små mengder kan ha dødeleg utgang.  

Annonse
Olav 1070×150

Politi og kommune åtvarar mot svært farlege rusmiddel i Ålesund

Fentanyl og nitazener verkar smertestillande og roande. Sidan stoffa er ekstremt sterke er dei vanskelege å dosere og dermed er risikoen stor for overdosar og dødsfall. Ved for store dosar vil ein få problem med pusten, kunne miste bevisstheita og få hjartestans.  

Tolletaten har dei siste månadane gjort rekordbeslag av nitazenhaldige stoff. Seinast i september vart det registrert eit dødsfall i Norge som følgje av inntak av nitazen. Det har tidlegare vore registrert dødsfall også på Sunnmøre. Det er stor bekymring rundt bruk og tilgang av nitazener også internasjonalt.  

Opplysningar lokalt som er henta inn gjennom dei to siste vekene er at det er spesielt stor frykt for at desse livsfarlege stoffa er tilsett i cannabisprodukt som hasj, marihuana og olje (til røyking). Stoffa kan og vere tilsett i andre illegale rusmiddel og tablettar.  

Tenestene i Ålesund som har tett kontakt med barn og unge seier at vaping av cannabis-olje er populært, og sidan den er både luktfri og utan smak vil det vere vanskeleg å oppdage for personar rundt. Det vil og vere vanskeleg for brukarane å oppdage om oljen er tilsett andre stoff enn det som skal vere i utgangspunktet. Det skal for tida vere god tilgang på cannabis-olje til vaping.  

Vaping, dvs. bruk av e-sigarettar eller piper, er ein veksande trend blant ungdom i Ålesund viser Ungdata-undersøkinga som vart gjennomført i år. Dette stadfester og tilsette ved skular og skulehelseteneste. Ein ser bruk av vape frå tidleg ungdomsskulealder.  

Det har til no ikkje vore mogleg å teste nokon av dei stoffa som er i omløp og på den måten få heilt sikre faktakunnskapar. Likevel ser nettverket av ulike tenester som har henta inn desse opplysningane, at informasjonen er så viktig og alvorleg (fare for liv og helse) at ein ser seg nøydd til å dele den så breitt som mogleg.   

Det er ønske om å nå ut til alle som er i kontakt med ungdom og med dei som har kontakt med personar med rusmiddelproblematikk. Informasjonen går dermed spesifikt til alle skular som 

igjen informerer alle føresette gjennom sine kanalar, til tenester til barn og unge og til dei som tilbyr tenester og tiltak til rusmiddelbrukarar.  

Tenester til barn og unge og politiet vil, på bakgrunn av den informasjonen som har kome fram, spesielt oppfordre føresette til å ta ein samtale med sine ungdommar om bruk av alkohol og andre rusmiddel no før juleferien. Skulefri gir god anledning for ungdom til å samlast og til å feste, både med og utan rusmiddel.  

Uansett er det viktig at dei unge har ei merksemd på at dei ikkje kan stole på innhaldet i eventuelle illegale rusmiddel eller ein heilt ‘normal’ vape-sigarett. Ønsket er at alle skal ha ei fin julehøgtid og at alle er til stades ved skulestart i 2024.  

Annonse
Indre Bane 1070×240