Tidlegare Braathen SAFE-direktør, Erik G. Braathen, håpar på å få det fyrste Flyr-flyet i lufta mot sommaren.
Dei første rutene vil inkludere Oslo, Tromsø, Harstad/Narvik, Bodø, Trondheim, Bergen og Stavangen. Og i fase to vil det bli utvida til blant anna Ålesund. Tid for fase to er ikkje fastsatt enda.
Det blir og satt opp nokre utenlandsturar hovudsakleg frå Oslo, men det er ikkje avklart kor monge avgongar det er snakk om. Utenlandsturane er og eit tilbod som kan bli utvida, og då inkludere norske flyplassar som Bergen i større grad.
Valet av fly falt på Boeing 737-800, og Braathen seier at det er ein flytype ledelsen har god erfaring med, der det finst simulatorkapasitet i Noreg, samt crew og mekanikarar med mykje erfaring og kompetanse.
Flyr har henta blant andre Tonje Wikstrøm Frislid frå Norwegian som administrerande direktør for selskapet, og ho seier Flyr skal ver eit meir bærekraftig flyselskap enn det som finst idag. ‘Vi må flyge mindre i åra framover for å ta vare på miljøet. Netopp difor byggjar vi opp selskap som ikkje er avhengig av å få stadig fleire og å flyge stadig meir for å oppnå lønnsomheit.’
I presentasjon flysmart24 har fått tilgong til blir det lova superenkel booking på nett og mobil, og alle billettar skal kunne endrast gebyrfritt. I tillegg til at dei og lova reit lojalitetskonsept med unike fordelar.