Sparebanken Møre gir 5 millionar kroner til etablering av innovasjonssenter på Høgskulområdet. Skal bli ein arena for samhandling, kunnskapsutveksling og tverrfagleg innovasjon.
Når Norsk Innovasjonssenter AS flyttar inn på Volda Campus er det med Sparebanken Møre på laget. Banken bidreg med 5 millionar kroner til etablering av «Handlingsrommet» som fleirbruksarena på innovasjonssenteret og utviklingsstøtte for senteret. I tillegg er banken og Volda kommune i dialog rundt etablering av eit Newtonrom i tilknyting til senteret.
Norsk Innovasjonssenter er i dag eigd av Sunnmøre Kulturnæringshage, og planen er å hente inn kapital frå Volda kommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune, samt ulike næringslivsaktørar i regionen. Selskapet vil stå som ein av fleire leigetakarar i bygget som Volda Utvikling AS skal realisere i Aasenkvartalet på høgskuleområdet.
Eit kraftsenter for innovasjon
– Etablering av innovasjonssenter på campus vil kunne bli eit vendepunkt i samarbeidet mellom akademia og næringsliv, og eit kraftsenter for innovasjon i regionen. Det seier
Trond Lars Nydal, administrerande direktør i Sparebanken Møre i en pressemelding.
– Vi er svært glade for den gode dialogen vi har hatt med Sparebanken Møre i etableringsfasen av Norsk Innovasjonssenter, og ikkje minst det betydelege løftet dei no gjer ved å gå inn med heile 5 millionar kroner til dette prosjektet. Dette gjer at vi no for alvor kan setje planane ut i livet og få realisert innovasjonssenteret, seier seier ordførar Sølvi Dimmen i Volda kommune.
Newton Møre Volda
Volda kommune og Sparebanken Møre ser også på mogelegheita for å kunne etablere eit Newtonrom i det same bygget. Eit Newtonrom er ein høgteknologisk læringsarena for grunnskulen og vidaregåande skule der elevane skal bli begeistra og få gode læringsopplevingar innan realfag gjennom praktisk arbeid og kritisk tenking.
– Når eg høyrde om planane som låg føre for Norsk Innovasjonssenter, vart eg både nysgjerrig og begeistra, fortel Hege Karete Hamre. Ho er banksjef for næringsliv på Søre Sunnmøre, og ein av initiativtakarane og pådrivarane for det samarbeidet som no ligg føre mellom innovasjonssenteret og Sparebanken Møre.
– Eg har klokketru på samarbeid på tvers mellom bedrifter og profesjonar, men også at samarbeid mellom akademia og næringsliv kan munne ut i nye bedriftsetableringar. Det ein no er i ferd med å skape på Volda Campus er ei forsterking av det gode arbeidet som alt er gjort på dette området, og ein etterlengta og inspirerande arena for nyskaping. Nye bedrifter og utvikling av eksisterande bedrifter vil alltid kome av eit behov for ei vare eller ei teneste. At dette er til stades er alt dokumentert gjennom alle dei selskapa som er stifta og i drift med utspring frå miljøet i Volda.
– Newton Møre Volda er tufta på eit anerkjent konsept som kan stå godt aleine på eigne bein, men når vi no set dette saman med dei andre aktørane på campus so er det berre fantasien som set grenser for kva dette kan bli, avsluttar ho.