Giske kommune tek i mot mannskap frå Nederlandsk skip

0

Morgonen andre Påskedag kom meldinga om eit lasteskip som kantra utanfor Ålesundskysten. Skipet frå Nederland var på veg mot Nordland då lasten om bord byrja å flytte seg, og skipet byrja å helle. I alt 12 mannskap blei redda av båten. Dei blei i løpet av dagen og natta frakta til Aalesund Airport Hotel i sikkerheit. Då tok lokalsamfunnet tak, og alt frå kle og sko, til tannkost og andre hygieneartiklar blei samla saman og overlevert. 

Annonse
DEL