Fyrverkeriet Silya & The Sailors kjem tilbake til Heimebanefest i Ulsteinvik i juni, og kompletterer ei artistliste som inneheld namna DDE, Metteson, Trygve Skaug, Melody Market og Holy Ghost Band.

Annonse
Gardane langs Storfjorden

No opnar også arrangørane for billettsal av dagpass, etter at salet av helgepass til ealy bird-pris vart utseld på kort tid.

Fyrverkeri

-Vi er kjempestolte over å kome med ei så fin liste med artistar. Det har vore kjent ei stund at DDE, Trygve Skaug og Metteson skal spele på Heimebanefest 2023, og med dei tre kanon-namna åleine vil Heimebanefest vere ei arena for musikale fyrverkeri og skape ei feststemning vi sjeldan får oppleve på våre kantar, skriver arrangørane i ei melding.

-Medan DDE ofte er nemd som Norges beste liveband og får stemninga til å gå i taket uansett kvar dei spelar, vil Metteson by på seg sjølv i eit show som du sjeldan får oppleve av norske artistar. Metteson er ei gåve til Sunnmøre og Ulsteinvik, som er hans andre heimplass.

-Vi veit vi at veldig mange av dei som opplevde Silya i fjor, var henrykte. Ho var rett og slett eit fyrverkeri på scena, og er utvilsamt ein av Norges beste solistar, seier Hugo Antonsen i Heimebanefest.

Live

Silje Nymoen, som er namnet bak artisten Silya, er ein av Norges sterkaste live-artistar og har spelt utallege konsertar med bandet sitt Silya & the Sailors dei siste åra. Etter å ha vigd nesten heile livet til musikk er Silya blitt ein sjeldan kraftfull musikar og låtskrivar, med eit nærvær som bergtek publikum og anmeldarar kvar gong ho opptrer.

Der mykje popmusikk i dag er elektronisk og straumlinjeforma er Silya sin musikk organisk og frigjort. Ho plukkar fritt frå favoritt-sjangarar i musikkhistoria, men om det er soul, rock, jazz eller balkan er føtene alltid godt planta i pop.
Silya sine låtar viser ei enorm kjærleik til blåsarar og heftig rytmeseksjonar, sjølv om ho oftast bruker ukulele når ho skriv songane sine.
Bandet The Sailors består av trommer, bass, gitar, trompet og to tromboner.

Lokalt band

I tillegg er trønder-bandet Melody Market signert; – men det er lite som minner om trønder-rock frå bandet som ofte blir omtala som Norges beste cover-band. Det trioen presenterer på scena er ikkje mindre enn imponerande, både instrumentalt og vokalt.

Melody Market består av trioen Stig Nergård, vokal og gitar, Anders Nergård på trommer  og Åsmund Evja Eikill på bass.

-Og sist men ikke minst, er vi veldig glade for å kunne presentere eit lokalt band i år også. Fredagskvelden varmar Holy Ghost Band opp for Trygve Skaug og Silya. Dei er kjende for sin slepne funky stil, der dei spelar cover-låtar inspirert av mellom anna Randy Crawford, Seawind, Dire Straits, Santana, Pink Floyd og eigenprodusert musikk.

I Holy Ghost Band finn du Mari Ann Vattøy og Einfrid Grindheim på vokal, Herman Klungsøyr, gitar, Magne Grimstad jr., bass, Hans Olav-Vattøy, trommer, Åge Grimstad, perkusjon og Peter Demirov, keyboard. I tillegg har dei med seg blåserekka Las Angelitas, kjende frå Feel It; Marlen Hauge Knotten, trombone, Guro Hauge Rovde, trompet og Susann Worren Hauge, saksofon.

Utseld helgepass

Heimebanefest vert arrangert i perioden 16.-22. juni, der konsertane fredag og laurdag 16.-17. juni utgjer det største innslaget i festivalen. Dei andre dagane inneheld ei rekke andre aktivitetar og opplevingar for alle årsklasser gjennom dei 7-8 dagane.

-Helgepass som vart lagt ut til early bird-pris, vart utseld fort. No opnar vi for sal av dagpass til fredag 16. og laurdag 17. juni. Vi legg ut eit begrensa tal billettar til sterkt redusert pris frå fredag 10. februar. Når dei billettane er utseld, går vi over til ordinære prisar, fortel Antonsen.

Her kan du se reportasje frå Heimabanefest i 2021.

Annonse
Indre Bane ny februar 2022

www.xxnxx.porn hp jav sex nhat sexy redhead swallows and sucks a cock.