I dag blir de private tilbudene innen rehabilitering, rusomsorg, eldreomsorg, barnehager strupet og avviklet. Slik forsvinner også viktig kompetanse som er bygd opp over tiår, seier tidligere lokalpolitiker Ina Giske. – Det er de personlige historiene og skjebnene som går inn på meg, sier Giske. Les hele leserinnlegget under.
Kva skjer i landet vårt?
Dette er noko fleire og fleire eldre uttalar i eit av verdas rikaste land, følgje Kirkens SOS. I tillegg misser vi eit medmenneske annan kvar dag i sjølvmord. Kva skjer i landet vårt?
Medan pengane renn inn i statskassa, blir fleire og fleire i vårt «rike» land fattigare. Vi blir fattigare ikkje berre på pengar, men også på kompetanse, omsorg og fellesskap. Mange har ikkje råd til mat på bordet, eller å sende barna sine til fritidsaktivitetar, mange eldre og sjuke sit aleine i eigne bustader som dei ikkje har råd til å varme opp, utan nokon å snakke med, og mange ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Korleis kan vi akseptere som samfunn at dette skjer? At dei som har lagt til rette for den rikdommen og levestandarden vi har i dette landet i dag, skal svinne hen i einsemd?
Det seiast at ein får dei politikarane ein røystar på, og nokon vil kanskje også hevde at ein får dei politikarane ein fortener, men fortener vi verkeleg politikarane vi sit med i dag? Fleirtalet av veljarane har i alle fall valt dei til å leie oss. Var det gode val?
Det som skjer er nemleg politikarstyrt. Det er politikarane som prioriterer og løyver. Det er politikarane som utvidar eller innskrenkar vanlege folk sine rettar og mogelegheiter til å velje og bestemme over eige liv. I dag blir dei private tilboda innanfor rehabilitering, rusomsorg, eldreomsorg, barnehagar strypte og avvikla. Slik forsvinn også viktig kompetanse som er bygd opp over tiår, og det utan at det offentlege kan forsere denne systematiske nedlegginga av tilbod som til dømes Mork rehabiliteringssenter. Det som skjer i samfunnet vårt i skrivande stund er ei ønska utvikling av styrande politikar og ingenting anna enn ei stor skam.
Norsk helsevesen er i kneståande etter ein pandemi som har slite ut fagfolk og skapt enda fleire psykisk sjuke som treng hjelp. Så har vi ei regjering og ein helseminister som svarar opp med at folk må forvente mindre hjelp framover. Kan vi akseptere dette, kan du akseptere dette? Eg kan i alle fall ikkje det og har derfor valt å engasjere meg på ny i samfunnsdebatten.
Til sjuande og sist blir vi som samfunn målt på korleis vi behandlar våre eldre og sjuke, og der står vi etter mi meining til stryk!