Frå 1. september 2023 er det innført passeringstak på 60 betalande passeringar pr. månad for køyretøy i Takstgruppe 2.

Annonse
Gardane langs Storfjorden

Tidlegare i år fremja Styringsgruppa i Bypakke Ålesund ei sak til politisk behandling om innføring av månadstak også for takstgruppe 2, på lik linje med fleire andre bypakkar i Noreg. Køyretøy i takstgruppe 2 omfattar køyretøy med lovleg totalvekt frå og med 3501 kg, unntatt køyretøy som er registrerte i køyretøykategori M1.

Månadstak er ei ordning med eit tak på tal passeringar pr. køyretøy som det skal betalast for innanfor ein kalendermånad. For takstgruppe 1 er det i dag eit felles passeringstak på 60 passeringar gjeldande for alle bomstasjonane i bypakka. Det som presenterast no er ei lik ordning for køyretøy i takstgruppe 2.

Ei god ordning for næringstrafikken

Frå 1. september er det ikkje berre vanleg personbil som får nytte månadstaket, men også tyngre køyretøy i næringa. Køyretøy i takstgruppe 2 som vil omfattast av ordninga med månadstak er i hovudsak næringstrafikk, til dømes køyretøy som frakter varer innanfor byområdet, køyretøy innan renovasjon og buss utanfor rute.

Forslaget om å innføre månadstak for tyngre køyretøy i Ålesund blei fremma for formannskapet og godkjent i kommunestyret tidlegare i år. Om du er innanfor takstgruppe 2 og skal få nytte månadstaket, er det viktig at du har ein gyldig Auto-PASS-avtale.

– Eg er glad for at dette har kome på plass. Det har tatt noko tid, men no får endeleg dei tunge køyretøya innanfor takstgruppe 2 dei same fordelane som vanleg personbil i taktsgruppe 1, seier Tore Johan Øvstebø, leiar i Bypakke Ålesund.

Timesregel for dei utan AutoPASS-avtale

Det blir også ei endring på dei som får nytte timesregelen på bomstasjonane i Ålesund. Frå 1. september skal timesregelen gjelde for alle bilistar – med eller utan brikke. Dette betyr at alle kan passere ein bomring ubegrensa innanfor ein time og berre belastast for ei passering.
-Dette betyr at rabatten bilistar med brikke har hatt i alle år også skal omfatte bilistar utan brikkeavtale, seier administrerande direktør Vidar Raa i Skyttelpass i ei pressemelding.»

Det er likevel viktig å presisere at dei som køyrer gjennom bomstasjonar i Ålesund utan Auto-PASS-avtale ikkje får rabatt. I Ålesund har veldig mange oppretta ein AutoPASS-avtale og får rabatten dei har rett på. I følgje Vegamot var 95 % av passeringane i bomstasjonane i Ålesund frå januar til juli i år gjort av køyretøy med gyldig AutoPASS-avtale.

Annonse
Indre Bane ny februar 2022