Jannicke Sævik Gangstad er tilsett som ny rådgivar i Fiskebåt. Gangstad kjem frå jobb i Fiskeridirektoratet. – Vi er glade for at Gangstad vil jobbe hos oss, og ser fram til å dra nytte av hennar kompetanse, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Annonse
Villa Nellas hage

Jannicke Sævik Gangstad er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen i 2008. I tillegg har ho studert engelsk, tysk, historie og psykologi.

– Ho har ein solid fagleg bakgrunn både gjennom utdanning og jobben i Fiskeridirektoratet som vil kome medlemmane i Fiskebåt til gode. Vi jobbar med eit vidt spekter av saker. Skal vi greie å hjelpe medlemmane våre, er vi avhengige av at vi har den rette kompetansen i administrasjonen. Her har Gangstad ein solid bakgrunn som vil kome våre medlemmar til gode, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Maråk peikar også på at det er positivt at fleire medarbeidarar i fiskerinæringa er kvinner, enten dei jobbar på sjø eller land.

Gangstad har jobba med fleire saksfelt innan fiskeri i Fiskeridirektoratet. No ser ho fram til å sjå sakene frå næringa sin ståstad.

– Eg gler meg til å ta fatt på jobben, og har nok mykje å lære. Fiskeri er ei spennande næring der det er mykje som skjer, seier Gangstad.

Jannicke Sævik Gangstad skal arbeide ved Fiskebåt sitt hovudkontor i Ålesund. Ho er vakse opp i Midsund med ein far som fiskeskipper. Sidan 2009 har ho vore busett i Ålesund.

Annonse
Indre Bane ny februar 2022

www.xxnxx.porn hp jav sex nhat sexy redhead swallows and sucks a cock.