Kleven sikra arbeid til 2021 med kjempekontrakt

0
Illustrasjon: Havyard Design & Solutions AS

Green Yard Kleven har inngått kontrakt med Rem Offshore AS om å byggje eit nytt havvindfartøy. Kleven er allereie i gong med planlegging og teikning av fartøyet.

Annonse

Skipet, som skal leverast i siste kvartal av 2021, skal ver designa til å jobbe mot havvindparkar.

Administrerande direktør i Green Yard Kleven, Kjetil Bollestad, seier at det har vore eit spanande og godt samarbeid for å få på plass kontrakta, og at dei no ser fram mot å ferdigstille fartøyet samaen med underleverandørar og reiarar.

»Det er særs gledeleg for Rem Offshore å kunne returnere til Kleven med ei nybyggingsordre. Denne kontrakta viser kor omstillingsdyktig den maritime klynga på Sunnmøre er. For oss som reiarlag er dette den første nybyggingskontrakten innan havvind, med eit framtidsretta designkonsept som er utvikla i tett samarbeid med Havyard og sluttkunde,» seier Fredrik Remøy, dagleg leiar i Rem Offshore.

Både rederi, verft og design samt fleire underleverandørar held til på Søre Sunnmøre, så kontrakta får store positive ringverknadar i ei tid som har vore prega av mykje uvisse.

Annonse
DEL