Det var totalt 357 bekrefta smittetilfelle i Ålesund veka 17. – 23. januar. Det er ein oppgang på 74 % frå veke 2 då det var 205 smitta.  

Annonse
Gardane langs Storfjorden

Smittetilfelle fordelt på aldersgrupper:

  • 0-5 år:                22 personar
  • 6-12 år:              67 personar
  • 13-19 år:            60 personar
  • 20-40 år:           131 personar
  • 41-64 år:            68 personar
  • 65+ år:                  9 personar

Smittetilfelle fordelt på vaksinasjonsstatus vil ikkje bli oppgitt denne veka på grunn av mangelfulle data. Det er begrensa informasjon om vaksinasjonsstatus som følge av endra rapporteringspraksis med auka smitte. Ein har no så lite data at dei ikkje er statistisk relevante, opplysar kommunen

Utbrot

Skolar og barnehagar:

Kommunen implementerte i veke 3 nye retningslinjer for handtering av eit forventa vekslande smittetrykk i skolane, med nye kriterium for trafikklysmodellen. Det er no opning for at skolane i kommunen kan ha forskjellig tiltaksnivå ut frå smittesituasjonen. Den einskilde skole, barnehage og undervisningsinstitusjon vurderer fortløpande kva nivå dei skal vere på i samråd med smittesporinga og kommuneoverlegen.

Det pågår regelmessig testing ved følgande skolar og barnehagar:

  • Ålesund folkehøgskole
  • Brattvåg barneskule
  • Flisnes barneskole
  • Åse skole
  • Lerstad barneskole
  • Spjelkavik ungdomsskole
  • Skarbøvik ungdomsskole
  • Fagerlia barnehage
  • Brattvåg barnehage

Vaksinar

89,5 % av alle over 16 år busett i Ålesund kommune har fått 2. dose.

Annonse
Indre Bane ny februar 2022