Kroatisk verftsgruppe overtar Kleven Verft

0
Kleven-Verft-med-MS-Roald-Amundsen-og-MS-Fritdjof-Nansen-under-bygging-i-2018.-Foto_-Per-Eide

– Eg er utruleg glad på vegne av alle tilsette i Kleven at vi no er i ferd med å få inn ein ny og solid eigar av verftet. Vi har gjennom ein vanskeleg periode klart å levere fantastiske skip, samt behalde den høge kompetansen på verftet. No skal vi saman med nye eigarar tenke langsiktig og utvikle oss vidare. Dette blir ei ny og spanande epoke for alle Kleven-tilsette, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad.

Annonse

Tomislav Debeljak, eigar og administrerande direktør i DIV Group, ser fram til samarbeidet:

– Vi er veldig glade for å ha signert denne avtalen som opnar moglegheita for samarbeid mellom to lange og vellykka skipsbyggartradisjonar. Kleven er anerkjent over heile verda som eit norsk verft med fyrsteklasses referansar og konstruksjonskunnskap, spesielt når det gjeld utstyr til komplekse skip. Eg er mest tilfreds med at Brodosplit, som vi klarte å plassere ekstremt godt i segmentet for bygging av middels store og polare cruiseskip, har funne ein forretningspartnar som dei vil kunne oppnå topp resultat med. Foreløpig er Brodosplit eit av dei mest effektive verfta i verda når det gjeld design og konstruksjonskvalitet, hastigheit og konstruksjonsteknologi. Skipa vi bygg er eit synleg og globalt gjenkjenneleg produkt, men vi ønska meir, og det er grunnen til at vi no er begeistra for å ha kopla Kleven saman med Brodosplit. Denne forbindelsen vil skape ei positiv synergieffekt i alle segment av vår verksemd, inkludert entreprenørverksemda og finansiering av bygging av nye skip, samt design, bygging av skrog, og spesielt å utstyre framtidige nybygg. På grunn av denne positive synergien, forventar eg også lavare byggekostnadar og betydeleg lavare kostnadar for å finansiere nye prosjekt. Den totale innsparinga som kan utgjere opptil 5 prosent vil tillate oss ikkje berre større lønsemd, men også konkurranseevne når vi kontraherer og bygg komplekse mellomstore skip. I dette segmentet har vi med dette samarbeidet ein stor sjanse til å bli den beste på marknaden. Saman skal vi gjere alt for å oppnå dette, seier Tomislav Debeljak, eigar og administrerande direktør i DIV Group.

Vinn-vinn-avtale 


Finansdirektør i Kleven Verft, Ola Beinnes Fosse, forklarar her bakgrunnen for avtalen med DIV Group, samt kva Kleven har lagt vekt på i vurderinga av nytt eigarskap:

– For både Kleven og DIV Group er dette ei kjempemoglegheit for å byggje på kompetansen som finnast i begge organisasjonane, og å ta ein posisjon i ein veksande marknad, seier Fosse.

Han peiker på tre grunnar til at Kleven valde å gå for DIV som ny eigar:

1: Kleven og DIV Group har kompletterande ferdigheiter, som saman legg til rette for ambisjonen om å bli eit verdsleiande og lønnsamt verft.
2. Dei har ein balanse og eigenkapital som gjer det mogeleg å finansiere nye skip.
3. Dei kjem med nye prosjekt om kort tid, og kjem også med arbeidskapital som gjer oss i stand til å bevare den unike kompetansen som er bygd opp dei siste åra.

Skal framleis vere Kleven Verft


Både for Kleven-leiinga og Hurtigruten som eigar har det vore viktig at identiteten og kompetansen blir tatt vare på. Kleven Verft skal framleis heite Kleven Verft når DIV Group står som eigar. Verftet kjem også til å halde fram som eit eige selskap, men under DIV Group-paraplyen.

– Vi har leita etter ein eigar som vi er sikre på vil Kleven det beste. Fleire moglege kjøparar har blitt vurdert, og vi er heilt sikre på at DIV Group er dei riktige eigarane for Kleven. Ingen andre har vore i stand til å vise til ein så trygg og langsiktig plan for verftet. Dette er ein perfekt match, seier finansdirektør Ola Beinnes Fosse ved Kleven Verft.

Han får støtte frå Torleif Ernstsen, finansdirektør i Hurtigruten.

– Det er bra at Kleven no har funne ein ny eigar med langsiktig perspektiv. Kleven har opparbeida seg ein unik kompetanse knytt til bygging av ekspedisjonsskip som dei kan vidareutvikle. Vi meiner at DIV Group vil vere svært gode eigarar for Kleven, seier Ernstsen.

I tillegg til ei rekkje spesialskip, har Kleven Verft det siste året levert verdas to første hybriddrevne cruiseskip – MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen – til Hurtigruten.

Samarbeid gjev konkurransefortrinn


Frå no av vil Brodosplit og Kleven kunne samarbeide om byggeprosjekt.

– Brodosplit er enormt store og erfarne spesielt innan stålarbeid. I ein bransje som slit med lønsemda, kan vi no dra nytte av kvarandre sine styrker, og samarbeide om prosjekt der det er hensiktsmessig. Målet er å bli meir konkurransedyktige, og samstundes kunne bygge med lønsemd, fortel Ola Beinnes Fosse.

Kompetansen var det viktigaste i salsprosessen


DIV Group har vore ute etter eit verft som kan komplettere deira kompetanse.

-Kompetansen dei tilsette på Kleven har bygd opp gjennom fleire tiår, med levering av høgkvalitetsskip innan fleire ulike segment, er det som har vore avgjerande i salsprosessen. Dei tilsette er dei som har skapt Kleven si historie. Det er også dei som saman med eit veldig kompetent og erfarent team i DIV skal ta dette vidare, og skape nye gode opplevingar på Kleven, seier Ola Beinnes Fosse.

Takkar Hurtigruten og bankane


Hurtigruten sitt eigarskap og bankane si forutsigbarheit og støtte, har ifølgje Kleven-leiinga vore heilt avgjerande for at Kleven har kome dit dei er i dag. Saman har dei bore verftet gjennom dei siste åra.

– Vi takkar for det gode samarbeidet med bankane, og for det avgjerande eigarskapet til Hurtigruten. Dei gav oss moglegheita til å overleve, samt å bygge verdifull kompetanse på verftet. No ynskjer eg Hurtigruten ei eventyrleg reise vidare med sine fantastiske skip og ekspedisjonar rundt omkring i verda, seier ein takksam Kjetil Bollestad.

Hurtigruten takkar dei tilsette på verftet i Ulsteinvik for jobben dei har gjort.

– Dei tilsette på Kleven har gjort ein formidabel jobb med leveringa av verdas mest avanserte ekspedisjonsskip. Dei har stått på døgnet rundt sjølv med ei usikker framtid. Det står det enorm respekt av, og seier noko om kompetansen og profesjonaliteten på Kleven, seier Ernstsen.

2020 blir eit hektisk år for Kleven Verft


Etter levering av det hybride ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen i desember 2019, arbeider Kleven Verft per i dag med to store ombyggingskontrakter. Verftet bygger om eit trål/snurrevad-fartøy for NordnesGruppen, og ein lekter for Boa Barges AS. Begge skal bli levert i 2020.

I tillegg kjem det betydelige leveransar til fire ombyggingsprosjekt frå Hurtigruten i 2020 og 2021. Det vil også kome arbeid gjennom verftet sin nye eigar DIV Group om kort tid.

– Vi ser berre fordelar med at DIV Group er vår nye eigar, og ynskjer dei velkomne til Ulsteinvik. No skal vi jobbe hardt saman og levere gode resultat på prosjekta framover. 2020 kjem til å bli eit spanande og hektisk år for oss. Framtida ser lysare ut enn på mange år, avsluttar Kjetil Bollestad.

Annonse
DEL