Klokka 22.00 i dag fredag 28. april slår Ålesund kommune av gamle journalsystem og går over til eit nytt, Helseplattformen. Det betyr at over 3000 tilsette tar i bruk eit heilt nytt arbeidsverktøy.    

Annonse
Leserinnlegg/ytringer

– Mange års arbeid for å førebu og byggje ein felles pasientjournal til beste for pasientane og helsepersonell i Midt-Noreg skal no setjast ut i livet. Vi gler oss til å bli den første kommunen i Møre og Romsdal som tek i bruk Helseplattformen, og til at fleire kommunar, sjukehus og fastlegar etterkvart koplar seg på slik at vi får realisert visjonen om Ein innbyggjar – ein journal, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Ålesund kommune, Synnøve Vasstrand Synnes i ei pressemelding.

Med Ålesund kommune vil 10 kommunar ha tatt i bruk Helseplattformen.    

Har tatt nødvendige forholdsreglar  

– Vi vurderer løysinga som forsvarleg og er klare til å ta ho i bruk, seier Synnes.  

Ho legg til at det heilt sikkert kjem til å bli ein del innkøyringsproblem i starten fordi det vil ta tid for tilsette å venne seg til eit heilt nytt system. I dag har tenesteområda brukt tre ulike journalsystem, med Helseplattformen vil kommunen få ei felles plattform.    

Innføring av Helseplattformen vil bety ei stor kvalitetsforbetring for helsetenestene i kommunen, men i starten kan innføringa føre til at tenestetilbodet til brukarar og pårørande blir noko redusert. Det kan vere i form av lengre svartid på telefon, lengre saksbehandlingstid, litt mindre tid til pasientar og pårørande og at besøk blir forseinka.  

– Vi skal halde oppe eit forsvarleg tenestetilbod, men ber om forståing og tolmod dersom tilbodet ikkje heilt lever opp til vanleg standard, seier ho.     

Opplæring  

Opplæring av dei tilsette starta i januar med kurs tilpassa dei ulike yrkesgruppene og funksjonsområda. I tillegg til fysisk kurs har dei tilsette gjennomført eigentrening både før og etter kursa.      

Support i innføringsperioden  

Dei to første vekene stiller Helseplattformen med support til alle verksemdene i Ålesund kommune som tar løysinga i bruk. I tillegg har Ålesund kommune eigne supportpersonar i form av instruktørar og superbrukarar.    

Superbrukarane ute på einingane blir viktig støtte for kollegaene sine både i innføringsperioden, men også i ettertid.    

– Kommunen har over 300 tilsette som har fått rolla som superbrukarar, og dei to første vekene er desse satt opp i ein turnus slik at alle tilsette skal oppleve at dei har nokon å vende seg til når dei står fast.   

Fakta om Helseplattformen 

Helseplattformen er ein felles journal- og samhandlingsløysing for sjukehusa, kommunane og fastlegane i Midt-Noreg. Alle kommunene som skal bruke Helseplattformen er medeigarar av selskapet Helseplattformen AS saman med Helse Midt-Norge. Helseplattformen er eit viktig steg på vegen mot målet “ein innbyggar – ein journal.”    

Annonse
Indre Bane ny februar 2022