Onsdag 3. mai klokka 10 er det klart for storstilt opning av den nye Helleborgparken på Aspøya. Parken vert eit flott tilskot til både unge og vaksne i lokalsamfunnet, og kanskje særleg for borna på Aspøyskolen.
Opninga blir markert med tale frå leiaren av Kommunedelsutvalet Hessa, Skarbøvik og Aspøy, eit kunstnarleg innslag frå Inger Bakke i samarbeid med skuleborna, og snorklipping, skriver kommunen i ei melding.
Parken er utsmykka i samarbeid med studentar frå Ytre Kunstfagskole, og har ei utradisjonell utforming. Hoppesteinar, høgtveksande “jungel”-vegetasjon og luftige gangvegar skal stimulere til skal skape ein plass for nysgjerrigheit og kreativitet på naturens premisser. Samstundes er det lagt opp til gode møteplassar for innbyggarar i alle aldrar, med bord, stolar, brettspel og ein svingbenk.