Oppstart er planlagt våren 2023, med føresetnad at finansieringa kjem på plass. Anlegget er planlagt å vere ferdig hausten 2024.  Ålesund kommunale eigedom KF har til intensjon å tildele kontrakt om bygging av Osane idrettshall til Åsen & Øvrelid AS. 

Annonse
Gardane sesong 3 torsdager

Det var to entreprenørar som leverte tilbod i konkurransen, Ålesund Bygg AS og Åsen & Øvrelid AS. Etter evaluering var det Åsen & Øvrelid AS som vart rangert som vinnar av konkurransen, og kommunen har til intensjon å inngå kontrakt med vinnaren på bygging av anlegget. Det var ein relativt tett konkurranse, men tilbodet frå Åsen & Øvrelid AS vart vurdert som best under både tildelingskriteria pris og kvalitet, skriv kommunen.

Begge tilbod er over budsjett, og gjennomføring av prosjektet føreset auka finansiering frå kommunen. Det vil bli gjorde vurderingar med tanke på å kutte kostnader og val av opsjonar før forventa behandling i kommunestyret 23. mars. I konkurransen vart det prisa ein Del 1 og Del 2, der Del 1 er det kommunale anlegget medan Del 2 er ei tredje hallflate som skal finansierast og eigast av SIF/Hessa. Også på Del 2 er den tilbodne pris over budsjett. SIF/Hessa jobbar no med å skaffe finansieringa for denne hallflata.

Annonse
Indre Bane ny februar 2022

www.xxnxx.porn hp jav sex nhat sexy redhead swallows and sucks a cock.