Ny leiar i Havyard

0
Bilete: Kjell Stian Brunes

Geir Larsen tek over som ny dagleg leiar for Norwegian Electric Systems, som er eigd av Havyard. Han skal utvikle firmaet sin posisjon innan energi design og smart kontroll, som ein del av det grøne skiftet.

Annonse

Frå før har Larsen utdanning innan automasjon, og har erfaring innan utviklinga av hybrid og heilelektriske løsningar.

Styreleiar Vegard Sævik seier i ei pressemelding at ‘’Geir har lang erfaringi å leie of utvikle både oppstartsbedrifter, samt godt etablerte teknologiselskap. Vi har store forhåpningar til at han vil vidareutvikle den sterke kompetansa og teknologibasa i Norwegian Electric Systems, til å ta nye marknadsposisjonar både nasjonalt og internasjonalt.‘’

Larsen seier at han ser fram i mot å starte i jobben, og å spele ei rolle i å vidareutvikle firmaet for å komme nærare det grøne skiftet innan shipping.

Larsen erstattar Johannes Tveit som har vore fungerande leiar sidan Februar. Tveit går tilbake til si originale stilling som SVP Service and Aftermarket.

Annonse
DEL