Flyselskapet Discover Airlines opnar rute mellom Frankfurt–Ålesund våren 2025 med og to vekentlege avgangar.
– Noreg opplever aukande fokus og interesse frå internasjonale ferie- og fritidsreisande, og Tyskland er vår viktigaste marknad i Europa. At Ålesund blir knytt til denne marknaden med direkteruter frå Frankfurt har stor betydning for lokal og regional utvikling. Desse besøkande har høg betalingsvilje fordi regionane byr på unike opplevingar av høg kvalitet, seier ruteutviklar i Avinor, Nina Julianne Jensen.
Frankfurt–Ålesund
Frankfurt–Ålesund blir operert frå 3. mai til 29. september med to vekentlege avgangar på onsdagar og laurdagar. Ruta blir operert med flytypen Airbus 320.
Dag | Retning | Avgang | Ankomst | Reisetid |
Onsdag | FRA–AES | 07:15 | 09:45 | 02:30 |
Onsdag | AES–FRA | 10:30 | 12:50 | 02:20 |
Laurdag | FRA–AES | 07:15 | 09:45 | 02:30 |
Laurdag | AES–FRA | 10:30 | 12:50 | 02:20 |
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er svært glade for at Discover Airlines vel å satse på regionen, og gler seg over at samarbeidet med Avinor for å få fleire direkteruter til Ålesund lufthavn, Vigra, gir resultat.
– Vi ønsker å få fleire tyske gjestar til å besøke regionen vår, og med direkterute frå Frankfurt vil Sunnmøre bli mykje meir tilgjengeleg og dermed også meir attraktiv for potensielle besøkande. Frankfurt er dessutan eit svært viktig knutepunkt i Europa, og gjestar frå heile verda mellomlandar der. Denne direkteruta vil difor vere viktig også for å få gjestar frå andre land til å velje å besøke regionen vår, sier Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.
Discover Airlines er eit flyselskap i Lufthansagruppen med basar i Frankfurt og München. Selskapet opererer ein flåte på 14 Airbus 320 på kort- og mellomdistanse-rutene.