Eit av dei prosjekta i Bypakke Ålesund som har størst nytte etter kostnad er no ferdig. Med ny busshaldeplass på Slinningsodden er det gjort klart for ein mykje raskare busstur inn til sentrum.

Annonse
Se TV direkte

Anlegget på Slinningsodden er snuplass og haldeplass for buss, nye fortau, sikringsgjerde og lysmaster. Framandartar i naturen er fjerna og det vore skifta overflatemasse på leikeplassen ved sidan av snuplassen slik at den skal bli tørrare. Fotballbanen har også fått ny grus. I tillegg skal det settast opp gjerde mot leikeplassen og grøntområdet blir sådd til når det vårast, opplys kommuen i ei melding.

Kortare reisetid til sentrum

Med den nye rundkøyringa og snuplass for buss, så har ein lagt til rette for at bussane mellom Slinningsodden og sentrum kan stå og vente og gjere rutetilpassing på Slinningsodden i staden for ved Skarbøvik ungdomsskule. No blir bussen «ferdig tilpassa» ved avgang og køyrer rett til sentrum utan unødvendige stopp. På enkelte avgangar sparer ein dermed opp til ein tredel av reisetida.

Synfaring som viste at den nye Slinningsodden har blitt levert både på tid og kvalitet. F.v. Helene Vorren, avdelingsingeniør Ålesund kommune, Martin Hessen, gruppeleiar for drift, miljø og samferdsel i Ålesund kommune, Jan M. Myrstad, byggeleiar Ålesund kommune, Asle Drabløs, anleggsleiar ACO anlegg og Peder Skylstad, maskinførar ACO Anlegg

Prosjektleiar for dei kommunale prosjekta i Bypakke Ålesund, Jøran Mentzoni Eilertsen, seier at snuplassen på Slinningsodden dermed er eit av dei prosjekta i Bypakke Ålesund som har størst kost-nytte-effekt.

-Det er også det første litt større prosjektet i Bypakke Ålesund som er ferdig, så difor er det på sin plass med kake og litt feiring.

Sjølv om haldeplassen no er ferdig, treng FRAM litt tid til å legge om til nytt køyremønster. Det blir lagt opp til oppstart for nye ruter frå 1. januar 2023

Under 400 meter til busstopp

Den nye snu- og haldeplassen gjer at linje 1 kan gå over frå ringlinje til pendellinje på Hessa. For nokre vil det bety litt lenger gangavstand til busstoppet, men dei aller, aller fleste vil likevel ha under 400 meter eller mindre enn ein fem minutts gåtur til busstoppet. Dette er også kortare enn det som er vanleg tommelfingerregel i byar. I tillegg skal skulebussane halde fram med å køyre Kaptein Linges veg slik dei har gjort.

Bonusen med ny snuplass er at det går raskare å kome seg til sentrum – for alle. Dersom bussen skal innom alle, så går den til slutt så seint at ingen vil ta bussen.

Knirkefritt samarbeid og fint prosjekt

Det er ACO Anlegg som har gjort jobben på Slinningsodden og både byggeleiar i Ålesund kommune, Jan M. Myrstad og anleggsleiar i ACO Anlegg, Asle Drabløs, fortel om godt samarbeid.

-Det har vore knirkefritt samarbeid og kort responstid. Det er nøkkelen til å lykkast når vi skal halde eit så stramt tidsprogram som her. Vi har løyst utfordringar kjapt undervegs og har no fått eit ferdig anlegg som har vorte kjempefint.

Begge peiker også på maskinførar Peder Skylstad som har hatt jobben på Slinningsodden frå start til mål.

-Han har dermed fått godt innblikk i prosjektet og hatt oversikta. Det har fungert veldig bra og vore ein viktig del av at det er levert både på tid og kvalitet.

Jan M. Myrstad og Jøran Mentzoni seier prosjektet også er eit godt eksempel på at ein har brukt den samla kompetansen til kommunen heilt frå oppstart av planlegginga.

-Slik har vi fått tenkt tidleg, lagt ein samla plan og vore føre var slik at det ikkje har dukka opp noko overraskingar undervegs.

Annonse
Indre Bane 1070×240