Ålesund kommune tilbyr oppfriskningsdose med koronavaksine til alle over 18 år.
Til no har FHI anbefalt at dei over 65 år, personar mellom 18 – 64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp, ungdom i aldersgruppa 12 til 17 år med alvorleg grunnsjukdom, og gravide i 2. og 3. trimester bør ta ny oppfriskningsdose før haust- og vintersesongen 2022. Det er i denne gruppa risiko for alvorleg sjukdom er høgast. Vi oppfordrar framleis dei i denne gruppa som ikkje har tatt oppfriskningsdose om å gjere det, skriv Ålesund kommune i en pressemelding
Det er no opna opp for at også dei mellom 18 til 65 år som er friske kan få dette tilbodet. Denne gruppa har mindre risiko for alvorleg koronasjukdom, men det kan likevel vere gode grunnar for å ta oppfriskningsdose.
Det vil kunne bremse smittespreiing i samfunnet. Det kan vere behov for å beskytte sårbare personar i familie og omgangskrins. Det bidrar til at ein reduserer risikoen for sjukdom og fråvær i arbeidslivet. Fleire kan også ha behov for vaksine i samband med reise t.d.
-Ålesund kommune tilbyr koronavaksine på Moa helsehus 2 dager i veka framover. I tillegg vaksinerer Boots Apotek Brattvåg for oss. Vi vaksinerer no med oppdatert oppfriskningsdose Comirnaty Orginal/Omicron BA.4-5 (BioNTech,Pfizer) eller Spikevax Ba.1(Moderna), skriv kommunen i en pressemelding.