-Runar Tafjord har gjennom fleire tiår inspirert oss med si smittande musikkglede. Runar er levande engasjerrt i å bringe musikken ut til alle. Alltid med eit glimt i auget og stor menneskeleg varme i alt han gjer.

Annonse
1914 1070×150

Det skriv kommunen som grunngjeving for Ålesund kommunes kunstnarpris 2022

-Han er like oppteken av å vere hjarteleg tilstades med leikenheit og kvalitet anten han er soloutøvar, spelar med profesjonelle orkester og utøvarar eller skapar notelaust toneunivers saman med ferske aspirantar.

Runar er ein stor motivator for Fargespill i Ålesund saman med Brass Brothers, men også som instruktør og dirigent for korps og musikkelevar, likeså for profesjonelle aktørar. Han løfter alle til å prestere sitt aller beste og oppleve meistringskjensle. Både publikum og aktørar merkar magien som utspelar seg på scena under Runar si dyktige leiing.

Runar Tafjord er utdanna ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. I tillegg til virket sitt her i Ålesund og gjennom Brass Brothers er han soloartist, mykje nytta som studiomusikar, ein av fem skandinaviske valthornistar som spelar jazz og han har spela med ulike skandinaviske symfoniorkester som Oslo-Filharmonien, Den norske operas orkester, Bergen Filharmoniske orkester og Göteborgs Symfoniker.

Annonse
Indre Bane 1070×240