Scandic Parken Hotel blir ny vaksinestasjon.

0
Coronavirus COVID-19. Corona virus causing pandemic. 3D illustration

Onsdag 10. februar blir Scandic Parken Hotel ny kommunal vaksinestasjon. I fyrste omgong er det snakk om 100-200 pasientar frå to legekontor. Alle som skal møte vil få beskjed frå kommuna eller fastlegen.

Annonse

I løpet av veka vil Ålesund Kommune få 864 dosar av ´’Pfizer BioNTech’’ vaksina, og neste veke kjem det 966 fleire.

Frå veke seks vil dei fleste over 85 vere ferdig med fyrste dose, og klar for andre. Då blir det fulgt med tilbod til dei over 75. Dei rekna med at kommuna vil få fleire doser i vekene som kjem.

Kommuneoverlege Olav Mestad opplysar i ei pressemelding at at alle pasientar blir kontakta for å avtale møtetidspunkt, og at dei fleste vaksinasjonane framleis vil finne sted ved legekontora.  ‘’To legekontor i Ålesund har ikkje kapasitet og lokale til å gjennomføre vaksinasjon av store grupper. Desse pasientane vil få tilbod om vaksinering ved kommunal vaksinestasjon ved Scandic Parken Hotel.’’

Han seier og at pasientane sjølve er ansvarleg for å kome seg til teststasjon, men at kommuna er plikta å hjelpe med transport når det er nødvendig.

Totalt er det til no sett 1282 dosar med vaksina i Ålesund.

Annonse
DEL