– Dei falske kontantane politiet beslagla blir oppfatta som ekte ved første augekast. Dei har vassmerke, ulikt serienummer og ser nokså profesjonelt laga ut, seier politiadvokat Hanne Egeness som er påtaleansvarleg i saken i en pressemelding.
Politiet oppmodar derfor bedrifter som tek imot betaling om å vere merksame ved mottak av kontantar, spesielt sidan vi er i ein høgsesong for kjøp og sal av varar. Vidare ber dei butikkar som ikkje har matingssystem for kontantar om å vere spesielt merksame.
– Det mest merkbare teiknet på dei falske setlane er gjennomslaget. Det er til dømes mogleg å sjå element frå andre sida av setelen enklare enn med normale setlar. Teksturen på setlane er også noko ulik normale setlar. Vi ber derfor alle om å inspisere setlar før ein tek dei imot, avsluttar Egeness.