Ålesund kommunale eigedom KF har inngått kontrakt for å kjøpa 20 nye omsorgsbustader. Omsorgsbustadane blir liggande sentralt ved Moa og kjøpet inkludera 8 bustader til utviklingshemma, 12 bustader for eldre og fellesareal.

Annonse
Jobbpartner toppbanner

I samband med av utbygging av Daatunet har Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE) og Daaetunet Omsorgsboliger AS avtale om kjøp av omsorgsbustader. Dei er planlagt å vere ferdig i løpet av 2024. Omsorgsbustadane blir liggande sentralt ved Moa, i nærleiken til alt ein treng i kvardagen, skriv kommunen i ei melding.

Kontrakten er ein samarbeidskontrakt der ÅKE har til hensikt å inngå ei kjøpekontrakt på 95 millionar. Kjøpet inkludera 8 bustader til utviklingshemma, 12 bustader for eldre, fellesareal og ein personalbase.

Kontrakten forutset investeringstilskot frå Husbanken innan utgangen av 2023.

Bustadane

Bygging av omsorgsbustader er eit ledd i helsestrategien til Ålesund kommune der kommunen skal legge til rette for tilgjengelege bustader der personar er mest mogleg sjølvstendig.

Bustadane skal organiserast i eit burettslag der kommunen og tildelingskontoret bestemmer kven som får tilbod om å bu her. Dette er med bakgrunn i at bustadane er retta til personar med ulik grad av hjelpebehov frå helsetenestene.

Med investeringstilskot frå Husbanken vil bebuarane kunne kjøpe og eige bustadane sjølv. På denne måten kan bebuarane få ta del i gevinst frå delar av bustadmarknaden, samtidig som dei kan bu der så lenge dei sjølv ønskjer. Til dømes ved leigekontrakt er dei avgrensa til 3 år.

Annonse
Indre Bane ny februar 2022

www.xxnxx.porn hp jav sex nhat sexy redhead swallows and sucks a cock.