Sjukeheimsbebuarar og dei som er over 75 år er no anbefalt ny oppfriskningsdose mot Covid-19, dersom det er meir enn 6 månedar sidan førre dose. Slik blir vaksinasjonen i Ålesund kommune.

Annonse
Gardane langs Storfjorden

Forskning viser at effekten av oppfriskningsdosene som blei gitt sommaren og tidlig på hausten 2022 er avtagande. Kombinasjon av vaksine og gjennomgått koronainfeksjon gir betre immunitet. Koronabølgene følger ikkje årstidsvariasjon slik som influensaepidemien. Det er derfor venta ny smittebølge i løpet av året. Det er anbefalt at oppfriskningsdose blir gitt i løpet av april.

Anbefalingene fra FHI for våren 2023
• Ny oppfriskningsdose vert anbefalt til sjukeheimsbebuarar og personar over 75 år.
• Ei ny dose vil vere særleg aktuell for dei som ikkje tidlegare har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjonen og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar
• Det bør ha gått meir enn 6 månedar sidan førre dose og/eller infeksjon
• Vaksineringa bør gjennomførast i løpet av april mnd
Les meir på fhi.no: Ny oppfriskningsdose anbefales til de som er 75 år og eldre og sykehjemsbeboere – FHI

Slik blir vaksinasjonen i Ålesund kommune

• Vaksinering via sjukeheimane våre

• Heimetenestene kan tilby vaksine til dei som ikkje kjem seg til vaksinestasjon

• Vaksinestasjon på Moa helsehus og Boots Apotek Brattvåg, sjå datoar og bestill time på Koronavaksine – Ålesund kommune

• Per i dag tilbyr fleire fastlegekontor koronavaksine: Sandøy legekontor, Haramsøy legekontor, Vatne legekontor, Skodje legekontor, Moa legesenter, Vika legesenter og Kremmergaarden legesenter. Sjå kontaktinformasjon for legekontora: Fastlegeordninga – Ålesund kommune• Medi3

Resten av befolkningen kan framleis få tilbod om primærvaksinering og oppfriskningsdose.

Annonse
Indre Bane ny februar 2022