Foto: Tina Wilke
Runar Gudnason er bedre kjent som frontfigur i Side Brok. Siden 1999 har rapgruppen fra Hovdebygda git ut fire album, og ble kåret til ‘Årets Urørt’ i 2004. I fjor ble Gudnason tildelt ‘Målprisen’.
Hva engasjerer deg mest akkurat nå?
Generelt i verda? Det er for mykje til å seie noko kortfatta om her. Nasjonalt er eg mest oppteken av problema med den aukande økonomiske ulikskapen og privatiseringa av alt det me burde eige i lag. Lokalt er eg engasjert i å bygge opp Hovdebygda Ungdomslag.
Fortell om ditt favoritt reisemål.
Eg liker godt å reise til Island, som er far min sitt heimland, og ein plass eg var mykje i oppveksten. Elles liker eg best å fare til plassar med betre klima, altså varmare, og gjerne ein stad som har noko kulturhistorie å byde på. Men ein vanleg sydentur er òg heilt topp for småbarnsfamiliar.
Hva gir deg størst glede å gjøre i fritiden?
Å gjere ting i lag med familien, lese, drikke vin, pusse opp ungdomshuset i Hovdebygda.
Hvilken sport liker du best å følge med på?
Eg følger ikkje med på sport.
Lokalpolitikk – hva engasjerer deg nå?
At Ørsta kommune trur dei må redusere talet på lærarar i barneskulen. Det er ei prioritering som provoserer meg. Elles er det Bygdepride i Ørsta og Volda denne veka. Det er noko å vere stolt av. På laurdag skal me gå i paraden. Det er politikk! Og livsglede.
Nyte en god middag – hjemme eller på restaurant- hva spiser du da?
Eg er altetande og liker både å ete ute og inne. Det vert mest inne, og førre helg åt me indrefilet av lam frå Follestaddalen, med sopp og salat til. Og eit glas malbec. Særs godt.
Hva er din favorittunderholdning?
Noko som overraskar meg og har god rytme, og gjerne noko eg kan verte klokare av – om det er bøker, filmar, tv-seriar eller musikk.
Hva kan irritere deg?
Språklege klisjear og elendig preposisjonsbruk.
Hva gjør deg glad?
Det er svært mykje. To favorittar: Å høyre familien min le, og å få til eit godt rim.
Hvilken tid på døgnet er din beste?
Eg liker føremiddagen. Då er det ro i huset, eg har best konsentrasjon og får jobba bra.
Og eg liker ettermiddagen. Då kjem kone frå jobb og gut frå barnehage, og det er støy og styr i huset mens eg lagar middag.
Dine 3 viktigste ønsker for fremtiden.
Det er vanskeleg. Eg har kanskje berre eitt: At ting skal gå bra. Ikkje perfekt, men bra nok. Det er kanskje litt vagt, men slik er det. Eg er heldigvis optimist. Eg har trua, som oftast.