Stikk UT! med nytt vinterkonsept

0

15.Desember er det klart for ny sesong av konseptet Stikk UT!, og nytt av året er vinterfotturar. Frå før har Stikk UT! kunne tilby skiturar gjennom vinterhalvåret, og sjølvom dei to konsepta ikkje er heilt det same, kjem dei til å køyre parallelt frå 15/12 til 2. påskedag.

Annonse

Vinterkonseptet har lenge vore etterspurt, og 17 av 25 medlemskommuner har blitt med for å finne dei beste turmåla dei kan tilby.

Karta vil fungere på samme måte som for dei vanlege fotturane, og brukarane treng framleis berre å gå gjennom nettstaden for å finne fram. Her kan ein og registrere både vinterfotturane, samt skiturar på forskjellige lister

Ifølge StikkUT! Har dei valt turar i ytre strøk der vinteren ikkje nødvendigvis held like lenge som innenlands. So sjølv om ein kan forvente mindre snø, må ein vere obs på at Sunnmørskysten framleis er utsatt for hardt ver vinterhalvåret, og ein må kle seg etter føre, og sjå an veret. Stikk UT! oppmodar om broddar og gå-stavar om det skulle bli glatt.

Som vanleg vil turane vere godt merka med blå skilt, og dei vanlege stikk UT!-vettreglane gjeld.

 

Annonse
DEL