15. desember går startskotet for Stikk UT! Vinter 2023, som med 349 turmål er større enn nokon gong. Når vinteren og kulda kjem krypande senker mange tempoet og friluftsråda håpar Stikk UT! no kan motivere fleire til å kome seg ut på tur på vinterstid!

Annonse
1914 1070×150

 I tillegg til 142 skiturar er det denne vinteren heile 207 fotturar med. Alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Heim og Lesja/ Bjorli, er med og byr dermed på den største Stikk UT! Vinter nokon gong.

Se alle turene nederst i saka

– Ta på varme klede, fyll sekken med varm drikke og godsaker og finn di vinterperle, er oppfordringa frå dei to friluftsråda i fylket.

– Med fleire tilgjengelege fotturar i tillegg til ski, vil vi nå gjere eit forsøk på å aktivisere endå fleire i den tida på året då vi treng det mest, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som i januar tek over jobben som leiar for Stikk UT! etter Marte Melbø.

– Årets sommarsesong viste oss at folk brukar Stikk UT! som motivasjon til å kome seg ut på tur, også når vêret ikkje er på sitt beste. Så no håpar vi at mange vil bruke Stikk UT! til å kome seg ut også i den kalde, mørke årstida, seier Hilde Ellingsæter som er prosjektleiar for Stikk UT! i Sunnmøre Friluftsråd.

Inviterer bedriftene med

Friluftsråda inviterer også bedriftene i fylket til å vere med å tilrettelegge for at endå fleire skal komme seg ut på tur aleine eller saman i vinterhalvåret.

– Stikk UT! sine tal viser at dei som deltek gjennom Stikk UT! Bedrift i gjennomsnitt er dobbelt så aktive som dei andre deltakarane. Å få bedriftene med og skape ein aktiv og sosial arbeidsplass bidreg til at mange er mykje meir ute og i bevegelse enn dei elles ville ha vore, seier Hilde Ellingsæter.

– Om vi i Stikk UT! kan bidra til å auke aktivitetsnivået frå lågt til litt aktivitet ofte – for endå fleire av innbyggarane våre – vil det bety mykje for helsa vår, skyt Liv Synnøve Hoel inn.

Prøveprosjekt – Skiturmål utenfor preparerte løyper

Stikk UT! Ski har eksistert sidan 2015 og gjennom heile vintersesongen blir det trakka mange kilometer fantastiske skiløyper av frivillige, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets, som er friluftsråda sin samarbeidspartnar for Stikk UT! Ski. Som eit prøveprosjekt denne sesongen tilbyr Stikk UT! også nokre få skiturmål utanfor preparerte skiløyper som eignar seg godt for tur- og fjellski. Turmåla kan vêre godt brukte «søndagsturar», sætertufter eller høgdedrag som eigner seg godt for ein rast. Formålet er å inspirere til ei litt annleis turoppleving eller forlenge turen ved å gå sine eigne spor.

Integrert løypestatus

Nytt og gledelig for alle skientusiastar er at Stikk UT! appen no har fått integrert løypestatus frå loyper.net slik at ein ser direkte i appen når skispora sist vart oppkøyrd. Slik håpar ein å tilrettelegge for at det skal vere endå lettare for fleire å komme seg på ut på skitur – kanskje også til stadar ein ikkje har besøkt før. Det er bidrag frå Stikk UT! sin hovedsponsor Sparebanken Møre som har gjort denne løysinga mogleg, medan Stikk UT! sin samarbeidspartnar Wattn er med å sponsar GPS-sporing i trakkemaskinene.

Oversikt over alle sesongens turmål finn ein på stikkut.no. Der finns også øvrig info om Stikk UT! Bedrift og korleis bedrifter kan tilrettelegge for ein mer aktiv arbeidsplass i vinterhalvåret.

Aukra

  1. 1. Aukra kyststi
    2. Berghaugen
    3. Gossen flyplass (ny)
    4. Hoksnesfyret (ny)
    5. Hundetjønna
    6. Kleivhaugen
    7. Ramshaugen (ny)
    8. Riksfjordremma

Aure

  1. 9. Aureelva, Aure sentrum
    10. Bautaen (Arnfinn Skjøstads minnesmerke) på Ertvågsøya
    11. Grimsvikvatnet rundt
    12. Lysløypa på Tustna
    13. Skihytta i Aurdalen

Averøy

  1. 14. Honningsøya frem og opp (ny)
    15. Myrbærhaugen (ny)
    16. Nekkstadsetra i Bådalen (ny)
    17. Skårrå
    18. Spissteinen
    19. Stavneset
    20. Svevestien

Fjord

  1. 21. Fremste Haumyra/Lysløypa i Hauane
    22. Bakke før Jolbotn
    23. Bakkegjerdet
    24. Bedringens veg i Valldal
    25. Elvaforbygninga
    26. Gapahuk ved Fokhaugstova
    27. Grønningsæter skiløype
    28. Kleivahammaren i Eidsdal
    29. Kvilet frå grendahuset
    30. Litleåsskagen – rundtur
    31. Moloen
    32. Olavsvegen i Syltemoa
    33. Rellingsetra, Norddal
    34. Storvasshytta ved Storvatnet
    35. Vollane, (Lysløypa Omnos)

Giske

  1. 36. Brimneset (Seilermerke)
    37. Utom fjellet
    38. Ytterlandshamna-Skjonghamn

Gjemnes

  1. 39. Appelsinhaugen, Fursetfjellet vest
    40. Elvastien
    41. Gapahuken i lysløypa i Osmarka
    42. Ikorneset
    43. Langliløken, Fursetfjellet øst
    44. Raudheia (ny) skitur utenfor preparerte løyper
    45. Skaran, Fursetfjellet øst
    46. Skeidsdalen rundt
    47. Stegan, Torvikbukt (ny)
    48. Strandstien (Helseløypa i Angvik)
    49. Sødalsmyra, Osmarka
    50. Varghåjen, Osmarka

Hareid

  1. 51. Gamleåsen (ny)
    52. Kvitneset (ny)
    53. Skafjellet (ny) skitur utanfor preparert løype

Heim

  1. 54. Liabø sentrum (ny)
    55. Lysløypa i Betna (ny)
    56. Lysløypa i Kyrksæterøra-skisenter
    57. Megardsvatnet (ny)
    58. Steinhytta i Storlia
    59. Trimkassa i Myrsæterdalen
    60. Trøa i Liavegen (ny)
    61. Vindalsvatnet (ny)

Herøy

  1. 62. Byvandring rundt Våje Fosnavåg
    63. Djupvikhaugen – frå Djupvikvatnet på Gurskøya
    64. Heid tursti på Bergsøya
    65. Herøy gard
    66. Kvilehytta på Moltu
    67. Leinemastra på Leinøya
    68. Rosskarristninga
    69. Varmyr-runda på Nerlandsøy

Hustadvika

  1. 70. Berrmyran fra Skaret Skisenter
    71. Elnestangen
    72. Gunnhildbu fra Skaret Skisenter
    73. Haukåssetra, Elnesvågen
    74. Hågå på Vevang
    75. Kyststien i Bud
    76. Langdalsbu fra Skaret Skisenter
    77. Langdalsosen fra Skaret Skisenter
    78. Nordneset kyststi/Farstadstranda
    79. Tornes tursti

Kristiansund

  1. 80. Breilia – Frei (ny)
    81. Freikollen
    82. Kleppen (ny)
    83. Klubba
    84. Kvernberget
    85. Prestmyra
    86. Setervatnet (ny)
    87. Utsikten, Frei
    88. Varden i Kristiansund (ny)
    89. Ørnvika og Bjerkelund turtrase
    90. Ørnvika og Ånes turløype

Lesja (Innlandet)

  1. 91. Bakkeløypa
    92. Gapahuken i Morkenløypa
    93. Gapahuken på Nystuguberget
    94. Gapahuken ved Kårebu i Brøstdalsløypa
    95. Lysløypa på Bjorli (Sygardsløypa)

Molde

  1. 96. Damefallet i Lysløypa
    97. Eidsvåg badeplass
    98. Franskhellaren, Dryna
    99. Gapahuken på Eikamyra (ny)
    100. Gauprørveien (ny)
    101. Hagasetra, Eidsvåg
    102. Heggdalsvatnet
    103. Hindalen, Moldemarka
    104. Høglirøra (ny) Skitur utenfor preparerte løyper
    105. Julneset
    106. Kleivvatnet i Molde
    107. Ljøsmyrlia, Hjelset – Fursetfjellet
    108. Lomstjønna, Vistdalsheia
    109. Lunddalsvatnet, Hjelset
    110. Lysløypa i Moldemarka
    111. Lysløypa Skaret Skisenter
    112. Lysløypa til Hjelset-Fram
    113. Lysløypa, Vistdalsheia
    114. Lønsetfjellet (ny) skitur utenfor preparerte løyper
    115. Moldedalen mot Moldevatnet
    116. Mørkvatnet
    117. Notvollen på Kleive (ny)
    118. Oltervatnet
    119. Retiro
    120. Rundtur på Romsdalsmuseet
    121. Rypa
    122. Rødsetra (ny)
    123. Sandan, Midøy
    124. Skihytta i Moldemarka
    125. Skippertaket ved Fjellbrudammen
    126. Skålsetra, Skåla
    127. Solbjørvatnet
    128. Solemdal lysløype
    129. Storlihytta
    130. Strandpromenaden i Eidsvåg (ny)
    131. Tranhaugen (ny)skitur utenfor preparerte løyper
    132. Tågheia(ny), skitur utenfor preparerte løyper
    133. Varden
    134. Vass-skaret, Skåla
    135. Vikvatnet, Skåla
    136. Ødegård i Vistdal (ny)
    137. Årøhuken i Årølia
    138.  Ålesundsneset

Rauma

  1. 139. Andersmyra, Åndalsnes
    140. Bruhauen (ny)
    141. Bøstølen i Innfjorden
    142. Ende Vollalivegen, Måndalen
    143. Fattig og Rik, Bøstølen
    144. Fonna, Måndalen
    145. Gapahuken på Raknem (ny)
    146. Gapahuken ved Selsetervatnet og rundt Fuglehaugen
    147. Holmemdalen, Skorgedalen
    148. Husnebbua, Isfjorden
    149. Ingridsetra, Skorgedalen
    150. Kavlisetra, Isfjorden
    151. Ljøsådalen, Skorgedalen
    152. Middagsvatnet, Måndalen
    153. Nysetra, Måndalen
    154. Rundt bruene, Åndalsens
    155. Rundt Herjevatnet (ny) skitur utenfor preparerte løyper
    156. Røsta, Måndalen
    157. Skarhammeren, Åfarnes
    158. Stormyra, Isfjorden
    159. Storstølen, Skorgedalen
    160. Strandafjellet rundtur via Ingridsetra
    161. Vårseterhjellen, Isfjorden

Sande (m.r.)

  1. 162. Eventyrstien i Gursken
    163. Gamlevegen til Drageskaret (ny)
    164. Hesthamaren
    165. Hidsneset fyrlykt (ny)
    166. Kyrkjehornet – rundtur (ny)
    167. Myravatnet på Kvamsøy
    168. Nonshornet
    169. Sandslegene/Legebu frå Skare
    170. Torsethornet – frå Skredestranda (ny)
    171. Trolltua, via Hidsdalen frå Hide (ny)

Smøla

  1. 172. Maurdalen
    173. Tverrbakkhaugen
    174. Dyrnesvatnet
    175. Hansbu
    176. Langskaget på Veiholmen
    177. Ørntua

Stranda

  1. 178. Hyskjet
    179. Hyttehola lysløype
    180. Ljøkaia – Den Tronhjemske postveg frå Ljøen
    181. Ljøsetra – fra Ljøen
    182. Lomsplassen

Sula

  1. 183. Gjølevatnet
    184. Kjellingset, skogvegen frå Sandvika
    185. Mausavatnet
    186. Ramsvika
    187. Taustua
    188. Uteskuleplassen
    189. Vassetvatnet
    190. Vonhytta

Sunndal

  1. 191. Drivapromenaden
    192. Flåvegen
    193. Gapahuk ved Stortela, Grødalen
    194. Gapahuken ved Storvatnet, Grødalen
    195. Grøa rundt
    196. Håsøran
    197. Kvennhusskogen, lysløypa på Ålvundeid
    198. Rundtur Øksendal
    199. Seljebøvatnet/Ålvvatnet
    200. Stortuva, Ålvundeid
    201. Sviskurlia (ny) skitur utenfor preparerte løyper
    202. Tempelet, Ålvundeid
    203. Tøftvangen, Grødalen
    204. Valset rundt
    205. Åsbrona

Surnadal

  1. 206. Garthøglia, Nordmarka
    207. Holtamoan -lysløypa, øvre Surnadal
    208. Kallset
    209. Klåberget
    210. Kraftstasjonen
    211. Løålikjølen, Nordmarka
    212. Magretlia, Nordmarka
    213. Nedre Skeisnebba
    214. Rundt Gryta
    215. Skeisnebba
    216. Tjønnmyran, Todalen
    217. Toåa tursti
    218. Øygardshalsen

Sykkylven

  1. 219. Appelsinhaugen på Fjellsetra
    220. Fausaskiftet
    221. Fjellsetra Skistadion
    222. Haugset-runden
    223. Nysætra ved Nysætervatnet
    224. Oddane på Aursneset

Tingvoll

  1. 225. Lomtjørna, Torjulvågen
    226. Lysløypa i Tingvoll
    227. Lysløypa, Straumsnes
    228. Reitfjellet, Reitvatnet
    229. Skihytta, (Langdalshytta)
    230. Øverleite rundt (ny)

Ulstein

  1. 231. Aursneset
    232. Breidfjellet frå Hovsetmarka
    233. Fløstranda
    234. Nibben
    235. Søre-Eika

Vanylven

  1. 236. 4H hytta på Eidså
    237. Ausa, Syltedalen
    238. Benkjen oppå Legene – Åheim
    239. Brekkesvingen Utsiktspunkt – nærtur i Syvde (ny)
    240. Bygda rundt – Fiskå
    241. Bygda rundt på Åheim
    242. Fløytevadet – nærtur i Syvde
    243. Karistova i Åhaugen, Åheim
    244. Kleiva via Sandnesdalen
    245. Orrenakken – Fiskå
    246. Rota på ski
    247. Sandvikdalen – turveg
    248. Sarpen – nærtur i Syvde
    249. Vassdalsbu, Syvde
    250. Vassverket
    251. Vikevatnet-Slagnes
    252. Årøyane – nærtur i Syvde
    253. Åsevegen – nærtur i Rovde

Vestnes

  1. 254. Jutevatnet, Ørskogfjellet
    255. Kråkvika friluftsområde
    256. Kulturstien på Gjermundnes
    257. Lysløypa på Myr
    258. Oddvins Plass i ljosløypa
    259. Tomresætra
    260. Tørrtrerabben

Volda

  1. 261. Andaneset
    262. Botnasanden (ny)
    263. Bruasætra – Hornindal skisenter
    264. Dinglavatnet (ny) skitur utanfor preparert løype
    265. Elvadalen til Årneset
    266. Fyrde-Sundalen rundt (ny)
    267. Gapahuken på Lid
    268. Gildrehammaren
    269. Grinda (ny)
    270. Heltnelihuken
    271. Hornindalssætra – Hornindal skisenter
    272. Høgåsen i Hjartåbygda
    273. Kalsethola
    274. Kalvatn-Osdaldammen (ny)
    275. Krumsvikneset (ny)
    276. Lysløypa, Hornindal skisenter
    277. Lysløypa, Volda skisenter
    278. Melshornet – skitur utanfor preparert løype
    279. Nakkebruna, dagsturhytta på Grodås
    280. Panoramavegen i Volda
    281. Rotevassetra – skitur utanfor preparert løype
    282. Storesætra – Hornindal skisenter

Ørsta

  1. 283. Daleteigane, Ørsta
    284. Elvaråsa Barstadvik
    285. Fonnvernet
    286. Gapahuken mot Osdalen
    287. Gapahuken på langrennsstadion, Bondalseidet
    288. Gapahuken Skåla
    289. Hjartebenken (ny)
    290. Hustadneset
    291. Høgetua rundtur (ny)
    292. Melssetra (ny)
    293. Okla (Pølsa)
    294. Osberget
    295. Rjåneset
    296. Vielvbrua, lysløypa Bondalseidet
    297. Ytrehovdeåsen, rundtur (ny)
    298. Åmskaret, Ørsta

Ålesund

  1. 299. 4-H hytte Ellingsøy
    300. Apalviksætra frå Fylling
    301. Bjergane, Harøy
    302. Bjørnøya kystfort (ny)
    303. Borgundgavlen
    304. Elvastien på Sjøholt
    305. Emblemsvåg-Klebergshammaren
    306. Engesetsætra
    307. Eventyrskogen på Valle (ny)
    308. Fannedalen (ny)
    309. Fjordstien, frå Hatlane
    310. Fyllingslia
    311. Grytalisetra
    312. Hans-Marta-stien
    313. Harøyburet
    314. Hestvika
    315. Høgkubben
    316. Håhjem friluftsområde, Vaulen
    317. Jarskar
    318. Kanalen i Spjelkavik
    319. Leira ved Sandøy
    320. Lerstadvatnet
    321. Liasetra
    322. Lillevatnet
    323. Lomstjørna ved Harøyburet
    324. Lysløypa med skileikbakke i Engesetdal
    325. Lysløypa, Skodje
    326. Løklia i Ørskog
    327. Midtremma
    328. Møteplassen frå Vaksvik
    329. Nihusen
    330. Osen bru, Skodje
    331. Postvegen
    332. Remmevegen tur- og rideveg
    333. Silhuset – Brattvåg vassverk (ny)
    334. Skodjebruene
    335. Skogsvegen på Tøssa
    336. Småheiane – skitur utanfor preparert løype
    337. Stafsethneset tuslesti (ny)
    338. Steinsetsætra
    339. Storfurua
    340. Storlia, Engesetdal
    341. Svortavatnet, frå Digerneset (ny)
    342. Synnalandsvatnet rundt
    343. Tjønnebru, Skodje
    344. Tueneset med Tuehuken Torg
    345. Ulla fyr (ny)
    346. Vestrefjellet (ny) – skitur utanfor preparert løype
    347. Æafjellet (ny)
    348. Østremsetra, Emblem
    349. Øvsteråsa på Lepsøy (ny)

 

Annonse
Indre Bane 1070×240