Etter fleire års kvilepause i skuggen av både Nordøyvegen, og striden rundt Møreaksen, har ein klart og puste liv i det viktigaste prosjektet for Sunnmøre, og ikkje berre Sunnmøre, men det viktigaste sambandet for heile regionen på vestsida av Romsdalsfjorden, inklusive store deler av Sogn og Fjordane.

Annonse
2 Gardane sesong 3 – torsdager

Leserinnlegg av: Terje Vadset

Fleire vil nok påstå at eg tek for sterkt i, men eg vil forklare kvifor at dette prosjektet er det viktigaste for at vi skal kunne utvikle «urkrafta» som vi er kjent for på Sunnmøre, slik at vi kan bli det tyngdepunktet mellom Bergen og Trondheim, som kan gi dei to nemnde regionane relevant konkurranse.

Vi er på god veg, og dei fleste har vel fått med seg at Ålesundsregionen er den einaste plassen i fylket der det er auke i folketalet

Vår region har absolutt moglegheita til å verte enda meir kraftfull. Men skal ein lukkast i dette prosjektet, må alle som har ei stemme, pushe på i dei rette kanalane.

Det finst sjølvsagt dei som er i mot dette også, men dei må ein forsøke imøtekome med relevante løysingar, heller enn og starte med utskjelling, og påstandar som «fake-news» i alle kanalar.

For det fører til ingenting, og det har vi vel erfart nok her på Sunnmøre.

Årsaka til at eg bruker «det viktigaste» sambandet for å ta eit verkeleg kvantesprang for vår region, dreier seg kort og godt om rein logistikk.

Dei store aktørane som er sjølve «pulsen» i vår region, har plassert seg på nordsida av Storfjorden.  Dette gjeld rein matvaredistribusjon, saman med alt anna av det som trengs for å halde samfunnet gåande.

Når det gjeld sjøtransporten, er vi så heldig at vi har fått «knutepunkthamna», som gjennom «feederbåtane» er knytt til dei sentrale hamnene i Europa.

Den står for all den internasjonale sjøtransporten som også er av stor betydning.

All last som skal ut på oversjøiske marknader, vert kjørt til Ålesund med bil, langt oppe frå Trøndelag, og også med båt frå NN.

Sjølvsagt kjem det også mykje gods inn same vegen, som vert distribuert innafor regionen.

Og når det gjeld sjølve regionen, kor vidt femner eigentleg den?

Ålesundsregionen er ikkje berre Ålesund sentrum

Vi har ein ganske stor industri som ligg i Sykkylven og Stranda, og vi må heller ikkje gløyme Hellesylt.

Og gjennom dei nemnde distribusjonsbedriftene, går det daglege trafikkar ut/inn av vår region, som då held samfunnet gåande i den «utvida regionen» ned til Stryn, utover til Nordfjordeid, vidare til Måløy og heilt ut til Bremanger

 Trafikkavvikling-drikkevasskielde-løysingar

I disse dagar er drikkevass kjelda eit viktig tema, der ein prøver og finne løysingar for den store auken i trafikken.

Aust for Moa finst det heller ingen tilfredsstillande «reserveveg» når det skjer uhell i Brusdalen, og vegen vert stengd. Dermed vert ein veldig stor del av samfunnet ramma når dette skjer. Dette ser vi ganske ofte.

Avlasting av Brusdalen

Flytter ein trafikken gjennom Storfjordsambandet over til nordsida, og vidare med forbindelse nord til E-39/E136 på Digernes, kjem det fram diverse innvendingar, men dei let seg løyse utan altfor store  tiltak.

Då får ein vekte det positive opp mot det negative.

Trafikken gjennom Emblem og Blindheim, kjem til å auke noko på grunn av at 4-5000 bilar som ikkje vil kjøre om Moa, vil ta vegen austover via Blindheim og Emblem. Også trafikken som kjem frå aust og skal vidare til søre Sunnmøre vil ta den vegen.

Det positive med denne løysinga, er at trafikken over Moa vert ein god del redusert, og unødvendig trafikk gjennom Brusdalen vert også borte.

Det er kanskje litt vanskeleg og sjå heilt bort frå E39 gjennom Moa, for den ligg der den ligg.

Men kvifor ikkje seriøst også tenke over omtalte løysingar i ein kombinasjon med ein forbindelse over Borgundfjorden, for det vil også flytte ganske mykje unødvendig trafikk gjennom Blindheimstunnelen.

Eg kjenner til at trafikkteljingar i dag, gjer at mange av planleggjarane i det offentlege, meiner at det ikkje vil verte nok til at ein kan sleppe og rasere store delar av det som er att av Spjelkavik, slik at all trafikk nord-syd-aust-vest kan losast gjennom denne «porten».

Resultatet ved og fortsette og tenke løysinga på denne måten, (alt over Moa/Rødset),er at ein sit at med eit risikabelt område rundt drikkevasskjelda  til heile det framtidige området i vest, og den andre negative tingen er at ein har berre ei vegløysing som skal dekke den mest folkerike delen av fylket vårt.

Veldig mange vart veldig skuffa i forbindelse med val av trase for E39, når valet på E-39 vart plassert lengre vest, men ein kan ikkje sutre lenger for det.

Og om europavegen nokon gang kjem over Breisundet, vil ikkje dette ha på langt nær den effekten som vil skje om Storfjordsambandet vert realisert.

På grunn av val av tase for E39, har no ein del sunnmøringar, også frå nordsida av fjorden, starta og henge seg på med bygging av ny veg over Strynefjellet.

Den vart opna så seint som i 1972. Og kva hjelper det med ny veg der enda ein gang, i arbeidet med og gjere Ålesundsregionen til eit kraftområde.

Eg er heilt sikker på at transportørane som trafikkerer vegen over Stranda fjellet, ynskjer seg flat og «bar veg». Dei hadde jubla om dei fekk moglegheita.

Og ein stor del av godset til Stryn, Nordfjordeid og Måløy, kjem gjennom Romsdalen på gummijul, etter at gods trafikken med jernbane enda ein gan er nedlagd.

Logistikk er veldig avgjerande for kvar både industri og også menneske vil etablere seg.

Det er derfor Ålesundsregionen stadig vinn terreng, men for å verkeleg sette området på kartet, treng vi no Storfjordsambandet.

Gjennomføring

Før alle motsegner og protestgrupper vert teke vare på, er det ein del skjær i sjøen, og ein god jobb må gjerast for å løyse desse flokane.

Ein del ekstra må gjerast både langs drikkevasskjelda, og vegen på sørsida frå Blindheim og til knutepunktet i Magerholm-området.

Og Borgundfjordsambandet burde vore starta for mange år sida.

Men desse to utfordringane let seg løyse med litt vilje, og det trengs ikkje så mange milliardar at det ikkje let seg løyse.

Desse pengane tener vi inn att ganske fort, dersom ein ser alt i ein stor samanheng.

Terje Vadset

Annonse
Indre Bane ny februar 2022

www.xxnxx.porn hp jav sex nhat sexy redhead swallows and sucks a cock.