Sunnmørsteknologi tek fatt på tare-problem i Mexico

0

Ulsteinvikbaserte Hyperthermics har inngått ein intensjonsavtale med Ultramar Energy LTD om å utvikle biogassanlegg eller proteinanlegg for å takle miljøproblemet saragassotare.

Annonse

Saragassotare er ein type tare som driv i land langs kysten av Mexico og andre land i Mellom-Amerika. Der blir tanga liggande å rotne, og dannar metangass. Hyperthermics vil no omdanne tara til biogass og protein, og gjere om miljøproblemet til grøn energi.

-Vår teknologi er basert på ekstremfile bakteriar som trivst i høge temperaturar, seier CEO i Hyperthermics, Erlend Haugsbø.

Avtalepartnaren Ultramar Energy Ltd er basert i London, og har stor kunnskap om Mexicanske forhold.

-Lukta av rotna tare er uuthaldeleg, strandområda blir ubrukeleg, og store mengder metangass går rett i atmosfæra, seier Salvador Rivero, grunnleggar av Ultramar, som sjølv er frå Mexico.

Dei skal no skreddarsy dei nye anlegga for tara, noko som krev meir energi til oppvarming. Fordelen er at dei kan bruke biogassen til dette, og ca 5% av energien blir brukt til å drifte anlegget.

Storbyane i Mexico har allereie forurensingsproblem grunna fossilt brennstoff, og Haugsbø og Rivero er svært positive til løsninga.

-Mindre avfall, økt matproduksjon og reduserte CO2-utslepp er ein kombinasjon det bør ver vanskeleg å seie nei til, avsluttar dei.

Annonse
DEL