Momentium skriv i dag i ei pressemelding at Toldboden skal ombyggjast til konsertscene.
– Ei scene av dinne størrelsen vil gi mulegheiter for lokale og nasjonale “up-and-coming”-band og artistar, seier Lars Berg Giskeødegård frå Momentium.
Lars Berg Giskeødegård seier dei vil auke fokuset på talentutvikling i regionen – Det å få være med å gro fram spanande artistar frå vårt lokalsamfunn er både inspirerande og viktig å jobbe med.
Etter planen skal dei byrje ombygginga i mai, og vere klar til åpning i september.
Konsert og kulturbransja er av dei som har vore hardast ramma i løpet av pandemien, men Giskeødegård håpar at kulturlivet skal kome tilbake sterkare enn nokon gong.
Konsertscena vil og bli brukt til større nasjonale artistar som ynskjer ein meir intim konsertopplevelse.