Tre ulike prosjekt i Bypakken er ferdig levert og gir tryggare skuleveg på fleire strekningar. Krysset til Grønvika på Gåseid, to kryss langs Blindheimsvegen, tre kryss frå Alvikvegen og ikkje minst Brusdalsvegen og Løndalskrysset – alle stadene har no fått ei oppgradering.

Annonse
Gardane sesong 3 torsdager

-Vi har laga fotgjengarovergangar, sørga for betre lys, stramma opp kryss og laga betre skilje mellom gåande og køyrande, seier Eduardo Martinez Gutierrez, avdelingsingeniør og byggeleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune, i ei pressemelding fra Bypakke Ålesund.

Tarjei Rødset er dagleg leiar i ACO Anlegg som har utført arbeidet. Han fortel at dei som har vore ute på prosjekta har fått mange godord frå folk som har gått forbi.

-I Brusdalsvegen har det vore fortalt om dårlege forhold for gåande tidlegare med ein fotgjengarovergang som ikkje har fungert og mange nesten-ulykker. No gler folk seg til å ta i bruk ein tryggare veg både her og dei andre stadene, seier Rødset.

Oppgradering for fotgjengarar

Foto: Ålesund kommune
  • I krysset mellom Borgundvegen og Grønvika er det laga til med fotgjengarovergang og intensivbelysning.
  • Langs Blindheimsvegen og ved Shell Vegsund er det ny og heva fotgjengarovergang som tek dei gåande over vegen til ny gang- og sykkelveg bort til busstoppet med leskur. Der er det også laga fotgjengarovergangar ved Storevågen, og betre belysning høyrer sjølvsagt med. I tillegg er det laga fotgjengarovergang og trafikkøy som definerer og plasserer dei køyrande på ein betre og sikrare måte i krysset til Skothaugen.
  • Alvikvegen har fått fotgjengarovergang i krysset ned mot Vestre Olsvikveg og mot Holssletta i tillegg til at krysset inn mot Brusdalsvegen har fått fotgjengarovergang over trafikkøy, betre belysning og definert gangveg inn mot krysset.
  • Langs Brusdalsvegen har fortau og gangveg fått ei oppussing og vegen kan kryssast med ny fotgjengarovergang og nok ei trafikkøy. I tillegg er det laga fotgjengarovergang i Løndalskrysset ned mot Nybøbakken.

Levert etter planen

Dei første delane av arbeidet starta i juni og vart ferdig denne veka.  Prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol, fortel dei har hatt godt samarbeid med ACO Anlegg som har vore løysingsorienterte.

-Dette har gått veldig bra og vi har halde tidsskjema, seier Vatnehol.

Desse tiltaka er dei første av Møre og Romsdal fylkeskommune sine prosjekt i Bypakke Ålesund som no er ferdig.  No er dei neste bypakke-prosjekta for  fylkeskommunen kollektivknutepunkt i sentrum og sykkelfelt langs Tonningsgata i Skarbøvika.

Annonse
Indre Bane ny februar 2022

www.xxnxx.porn hp jav sex nhat sexy redhead swallows and sucks a cock.