Ungdomsrådet i Ålesund kommune har samrøystes vedtatt at Ungdommens kulturpris for 2022 vert tildelt UL Fram.

Annonse
2 Gardane sesong 3 – torsdager

Grunngjevinga for at dei vert tildelt denne prisen er:

Det aktive ungdomslaget driv med barne– og ungdomsteater som er til stor verdi for born og ungdom og for fellesskapet og lokalmiljøet på Nordøyane. UL Fram jobbar med å skape ein møteplass med spennande og utviklande aktivitetar, der alle skal føle at dei høyrer til.
Born og ungdom får oppleving av å meistre, samstundes som dei får moglegheita til å utfolde seg.

Omlag 40 medlemmar i barneteatergruppa og 40 medlemmar i ungdomsteatergruppa set årleg opp store oppsetjingar. Døme på produksjonar er Putti Plutti Pott, Reisa til Julestjerna, Annie, Trollmannen frå Oz, Oliver Twist, Anastasia, og ikkje minst Jungelboken som akkurat er avslutta no i haust, med fulle hus og stor suksess både på Framtun og på Gomerhuset.

I tillegg til oppsetjingane på Framtun og turnear til Id-huset, Parken Kulturhus og Gomerhuset, har ungdommar frå Juniorgruppa kvart år delteke på UKM med utdrag frå musikalane, og soleis representert UL Fram på lokale mønstringar, samt fylkesmønstringar og på Landsfestivalen til UKM.

Foto: Kenneth Flem Slyngstad
Annonse
Indre Bane ny februar 2022

www.xxnxx.porn hp jav sex nhat sexy redhead swallows and sucks a cock.