Det er oppretta eit innbyggarinitiativ for å lausrive Vatne, Tennfjord, Grytastranda og Søvika dersom Haram blir utskild frå Ålesund kommune. Mange frå desse bygdene føler at talspersonar frå denne gruppa snakkar på vegne av heile folket i desse krinsane, men det stemmer ikkje.

Annonse
Se TV direkte

Leserinnlegg av: Vi som ønskjer at kommunegrensa til Haram består som den var før sammenslåinga

Fra venstre Kristin Ulstein Farstad, Lillian Ulvestad, Øyvind Berbu, Stig Are Husevåg, Anders Leine og Siv Katrin Ulla.

For å nyansere dette bildet, og vise at vi er fleire som meiner vi høyrer heime i Haram med dei opprinnelege grensene, er det oppretta ein ny underskriftskampanje; «Vi som ønskjer at kommunegrensa til Haram består som den var før sammenslåinga». Her kan folk med postnummera 6264, 6265 og 6280, og som fyller 16 år i 2022, signere oppropet.

Folkerøystinga 3. mars gav heile 65.6 % valdeltaking og eit stort fleirtal for å gå ut av Ålesund på heile 71.8 %. Det må respekterast.  At enkeltpersonar med sterke særinteresser brukar eit krinsresultat, med 31 stemmer i overvekt for å halde fram i Ålesund, er søkt. Når ein veit at dei 2369 førehandsrøystene, der 87 % røysta for Haram som eiga kommune,  ikkje er rekna med i krinslistene, blir dette heilt ureelt å konkludere med at det er fleirtal for å vere i Ålesund.

-Ein rakk så vidt å tenke flott, no må vel politikarane høyre på folket. Kanskje vi endeleg kan få litt fred, samle folket att og planlegge ein robust, sterk, framtidsretta og inkluderande kommune saman, seier Lisa Tennøfjord frå Eidsvika, som har starta underskriftskampanjen saman med fleire engasjerte.

Støttemeldingane strøymer inn og det er eit brennande engasjement for dette, seier Lisa Tennøfjord.

-Vi forstår at mange er lei no, av underskriftskampanjer, at avisene er full i reversingssaker og heftig debatt på sosiale media, men dette utspelet om grensejustering måtte berre ha eit motsvar, seier Anders Leine frå Slyngstad.

-Talspersonar i «Vi som vil være i Ålesund» hevdar at det er fleirtal i dei ulike krinsane. Men vi veit at mange førehandsstemte og dei stemmene vert ikkje registrert på krins. Dette valet hadde ingenting med grensejustering å gjere og det var feil å blande dette inn no. Eg og mange andre har førehandstemt, seier Kristin Ulstein Farstad som bur på Vatne.

-Vi veit at fleire stemte for å vere i Ålesund fordi det har blitt skapt usikkerheit rundt skulen på Eidet. Eidet skule er vedtatt av Ålesund kommunestyre og prosessen er godt i gang. Den vil følge oppsett plan og stå ferdig som planlagt i 2024. Dette vil ikkje stoppe opp no.

Kontraktene som er inngått er juridisk bindande og økonomisk veldig krevande å bryte. Dessutan ønsker ikkje politikarane å bryte kontrakten, dei ønsker at skulen på Eidet skal bli bygd. Dette gjeld både politikarane i Ålesund kommune og politikarane som vedtok skulen i gamle Haram, seier Siv Katrin Ulla frå Vatne i Haram Arbeiderpartilag.

-Skulen på Eidet er heller ikkje prosjektert for å huse alle ungdomsskuleelevane frå Søvik og Grytastranda som no går på skule i Brattvåg. Vil dei sette skulen på Eidet i fare med å måtte ei ny runde gjennom kommunestyret, spør Øyvind Berbu som bur i Tennfjorden.

For å signere lista, må du ha postnummer 6264, 6265 og 6280 og fylle 16 år i 2022.

Lista vert levert til Ålesund kommunestyre i forkant av kommunestyremøtet den 17. mars.

-Sjølv om du stemte for at Haram skulle vere i Ålesund, kan du signere vår liste. Vi ønsker berre å vise at ved ei reversing til Haram igjen, ønsker vi kommunegrensene slik dei var før tvangssamanslåinga. Haram er ikkje Haram utan Tennfjord, Vatne, Grytastranda og Søvika, og det står vi saman om og kjempar for, seier Lillian Ulvestad som bur i Tennfjord.

-Bygdestriden er utgått på dato, no må vi legge bak oss slik gammaldags tankegang. Folkeavstemminga 3. mars ga eit klart resultat for ut av Ålesund og det må respekterast , er Bente Ulla Hatlehol frå Terøya og Torill Vigdis Grytten som bur på Grytastranda einig om.

-Vi er sterkare saman, der er vi iallefall einig, seier Stig Are Husevåg som bur i Eidsvika.

Oppropet med underskrifter vert levert til Ålesund kommunestyre i forkant av kommunestyremøtet den 17. mars.

Annonse
Indre Bane ny februar 2022

www.xxnxx.porn hp jav sex nhat sexy redhead swallows and sucks a cock.