Viktig informasjon om vaksinering i Ålesund

0

Det er berre folk som har fylt 70 år som kan melde seg til vaksinering no.

Annonse

For veke 14 er no alle timane opptatte. Det skal vaksinerast ved legekontora og Scandic Parken hotell frå onsdag til fredag. Totalt skal det settast 1 758 vaksinar denne veka i Ålesund kommune. Dette er både til første og nokre til andre dose.

I veke 15 er det no lagt ut 1 020 timar som personar som har fylt 70 år kan melde seg til. Vaksineringa vil skje tysdag, torsdag og fredag neste veke.

Av dei 1 020 dosane som skal setjast i veke 15, vil eit visst tal bli brukt til vaksinering ved kommunen sin vaksinestasjon på Skodje på onsdag. Meir informasjon om stad og tal på vaksinar kjem seinare.

Timane for vaksinering på Skodje i veke 15, vert lagt ut for påmelding klokka 09.00 onsdag 7. april.

Det blir òg sett opp timar for vaksinering av personar i risikogruppe 4. Det er fastlegane som set opp liste over prioriterte pasientar i risikogruppene. Dei som bestiller vaksinering, blir oppmoda om å sette seg opp til vaksinering på same vekedag som dei fekk  dose ein. Det vil seie at fekk du time til første dose på ein tysdag, så skal du òg sette deg på til time på tysdagen når du skal få dose nummer to, opplyser Ålesund kommune.

Kommunen vil sterkt oppmode at berre dei som er over 70 år, og som sjølv ikkje klarer å melde seg til vaksinering digitalt, ringer kommunen sin vaksinetelefon. Om du ringer nummeret for å få svar på andre spørsmål om vaksinering, så tek du opp tida til dei som skal bestille time.

Telefonnummeret til bestilling av vaksine er 904 76 965

Følg med på kommunen sine nettsider om vaksinering: Vaksinering – Ålesund kommune (alesund.kommune.no)

Annonse
DEL