«Kajakk i skulen» er Sunnmøre friluftsråd si satsing for meir og betre bruk av kajakk i skulen. Prosjektet er svært vellukka og er truleg den største målretta satsinga på kajakk i skulen i Noreg. Friluftsrådet ynskjer nye skular og fleire lærarar på Sunnmøre velkomne med i prosjektet.
– Kajakk i skulen er eit fleirårig prosjekt for å auke kompetansen til lærarane i bruk av kajakk i undervisninga, samstundes som ein skal utvikle undervisningsopplegg knytt til stadbasert læring i nærmiljøet til skulen, fortel Christer Lundberg Nes i Sunnmøre friluftsråd som saman med Dag Roland (Rettleiar hav/NPF) er ansvarlege for prosjektet, i en pressemelding.
Ved utgangen av 2022 er 13/14 skular med over 44 lærarar på Sunnmøre med. Deltaking med alle kurs og opplæring er gratis for skulen og lærarane som er med.
– Eit delmål i prosjektet er å utdanne lærarar til aktivitetsleiarar i Våttkortstigen til Padleforbundet. Å bli aktivitetsleiar krev målretta innsats frå lærarane og prioritering frå skulane, seier Lundberg Nes.
Dei fleste lærarane brukar 3 år på denne kvalifiseringa, som omfattar grunnkurs (1. år), teknikkurs (2. år) og aktivitetsleiarkurs (3. år)
16 lærarar har fullført kursa og er no godkjende aktivitetsleiarar i Våttkortstigen til Padleforbundet!
«Stadbasert læring» og erfaringsdeling
«Stadbasert læring» er å nytte lokalmiljøet ved skulen til formidling av naturkunnskap, kystfriluftsliv, og utandørs symjing og livredning. Ein viktig del av prosjektet er å dele erfaringar mellom skulane og lærarane som deltek. I tillegg til kajakkopplæringa arrangerer Friluftsrådet difor fagdagar med kompetanseheving for lærarane.
Over 200 elevar i ungdomsskulen har fått kajakkundervisning
I 2022 har både Sula ungdomsskule og Ørsta ungdomsskule gjennomført kajakkundervisning i 10. trinn med til saman over 200 elevar!
– For friluftsrådet er dette den beste tilbakemeldinga på at arbeidet er viktig og god ressursbruk, seier Lundberg Nes.
Friluftsrådet lånar ut gratis hengar med kajakkar, årer og vestar til skular med godkjende aktivitetsleiarar slik at desse skulane kan ha kajakkaktivitet med elevane sine.
2023 – plass til nye lærarar og skular
Sunnmøre friluftsråd held fram med satsinga i 2023, og har plass til fleire nye lærarar på Sunnmøre som vil bli aktivitetsleiarar for kajakk i sin skule.
– Deltakinga er gratis, vi vil gjerne kome i kontakt med dykk, avsluttar Christer Lundberg Nes.