Volda satsar på ungt talent frå Giske

0
Foto: Volda Handball

Volda Handball har signert ei to årskontrakt med Madelen Roald Wiig. Trenar Halldór Stefán Haraldsson seier i ei pressemelding at han er godt nøgd med signering, og at dei har fulgt med på Madelen lenge.

Annonse

Madelen imponerte monge i fjorårets Bring serie, der ho seplte på 2003 laget til IL Valder, og har vore ein viktig spelar for dei.
Ho debuterte i fjor i 20-årsserien med Godøy, og fekk vist seg fram med 56 mål på åtte kampar.
I tillegg til å ha hevda seg på lokalt nivå, har det unge talentet vore fast inventar på fylkessamlingar, regionale landslagssamlingar, samt representert Bylaget til Region Nord i Trondheim.

Trenaren hennar i Godøy, Jan Sten Husøy, gler seg til å fylgje utviklinga vidare, og trur ‘’Madelen kjem til å overraske mange i åra framover.’’

Annonse
DEL