Ålesund kommune fordeler kvart år ein pott med festivalmidlar. No er det klart kor mykje dei ulike søkarane har fått i 2023. Ålesund kommunestyre har vedteke ei total festivalstøtte kr 574 000,-, som kan fordelast av kulturutvalet. 

Slik vart søknadane vurdert

Annonse
Gardane langs Storfjorden

I vurderinga av søknadane har følgande kriterium blitt lagt til grunn:

  • Festivalar som er opne og publikumsretta, og der kulturarv og profesjonell og ikkje profesjonell utøving av musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film, tv, video og dataspel er hovudformål
  • Festivalen skal finne stad i Ålesund kommune og vare i minimum to dagar
  • Festivalar med mindre kommersielt preg/innteningspotesial, nystarta initiativ og nye uttrykk vil bli prioritert

Utvalet mottok 10 søknadar som var i tråd med desse rammene. Fordelinga av tilskota vart vedteke med ni stemmer mot seks.

Vedtatt festivaltilskot 2023

Mottakar
Tilskot
Ålesund litteraturfestival 50 000,-
Havgaprock 20 000,-
Fjord Cadenza 200 000,-
Den norske matfestivalen 100 000,-
Ålesund improfestival/Kaula improteater 10 000,-
Lekivalen/Ålesund storhall 22 000,-
Den blå timen 22 000,-
Jugendfest/Ålesund Live – Momentium 30 000,-
Ålesund kammermusikkfestival 80 000,-
Seniorfestivalen i Ålesund 40 000,-

Annonse
Indre Bane ny februar 2022