I dag vart det bestemt av Norges Fotballforbund at cupkampen mellom AaFK og Bodø/Glimt vert framskynda til førstkomande søndag, 6. mars. AaFK har den siste veka vore klar på at dei ikkje har moglegheit til å stille lag på så kort varsel. Fleire av spelarane er på veg tilbake frå skade, samt at ein del er ute med sjukdom. 

Annonse
1914 1070×150

 

Kampen skulle opprinneleg spelast 13. mars på Color Line stadion, men vert flytta grunna nordlandsklubben sine kampar i Europa. Glimt skal spele Conference League mot AZ Alkmaar 10. og 17. mars.

Annonse