Til helga blir den regionale finala i First Lego League avholdt på NMK i Ålesund. På deltakarlista finn vi blant anna 7. klasse ved Hatlane skule. Etter eit par feilskjær er dei nesten klare, og på laurdag tek dei med seg robotane sine for å kjempe om førsteplass, og avansement til skandinavisk mesterskap. Lærar Synnøve seier at prosjektet dekkjer fleire pensum, og ho er positivt overraska over kreativiteten til elevane.
Annonse












